Kvardagsgleder inne på tunet

På Akslahaugen i Midsund står eit gammalt hus i ein gammal hage, men med nytt innhald. Aina Kirkeland Tangen og dei mange dyra på garden lagar god stemning for dei som kjem inn på tunet.

TRIVSEL PÅ TUNET: Kjekt for folk og dyr når aktivitetsgruppa for eldre møtest på Akslahaugen. Aina Kirkeland Tangen har drive Inn på tunet-tilbod på familiegarden Akslahaugen i Midsund i ti år, siste året på fulltid.  Foto: ANITA VINGEN

Nyheter

– Tenk om veggane her kunne snakke, du! Da ville vi fått vite litt forskjellig, seier Hans Arve og peiker på dei solide tømmerveggane i stova på Akslahaugen.