VESTNES: Nominasjonsprosessen er ikkje komme skikkeleg i gang enno, men Geir Inge Lien har allereie sagt at han har lyst på ein periode til..

For tre år sidan gjorde Senterpartiet eit brakval i Vestnes og fekk inn 10 representantar i kommunestyret, Geir Inge Lien vart attvald som ordførar. Vestnes kommunestyre består av 23 representantar frå åtte ulike politiske parti.

– Klar for nye utfordringar

– Å vere ordførar i Vestnes er både kjekt, spennande og utfordrande. Det har skjedd mykje, den store utfordringa framover vil bli kommuneøkonomien og konsekvensane av kommunereforma, seier Geir Inge Lien til Romsdals Budstikke.

Geir Inge Lien kjem frå Fiksdal, ei bygd som har markert seg når det gjeld ordførarar. Av de siste fem ordførarane er tre frå Fiksdal, frå tre ulike pati. De to andre kom frå Tomrefjord.