MIDSUND: – Det er ein tragedie. Vi er prega av sorg og av sjokk. Ei slik ulykke set preg på oss alle, vi er eit lite samfunn der alle kjenner alle, seier rådmann Ketil Ugelvik etter ulykka ved Rørsethornet.

Kriseteamet kalla ut

Ugelvik opplyser at kommunens kriseteam, som i Midsund heiter psykososial omsorgsgruppe, raskt kom i gang med sitt arbeid, og har følgt vedtekne prosedyrar.

– Gruppa var raskt operativ onsdag kveld. Dei nære pårørande har fått hjelpa vi kunne gi i ein akuttfase, utan at eg kan ikkje gå i detaljar om dette, seier Ugelvik.

Tek vare på kvarandre

Han poengterer at tankane no er med dei pårørande.

– Eg håper og trur at dei pårørande i den triste situasjonen kan oppleve småsamfunnets sterke side, der alle kjenner alle og tek vare på kvarandre, seier Ugelvik.