Strålande vårver og stor oppslutning i Sandøy

Normalt sett er det stor oppslutning om feiringa av 17. mai i Sandøy. I strålande vårver vart tradisjonen fulgt opp i år også.
Nyheter

Sandøytunet er under ombygging slik at flaggheising og barne- / borgartoget hadde start på Rådhusplassen med endestasjon Harøy kyrkje.

Tale for dagen var det rektor ved Harøy skule Cicilie Johansen som heldt. Ein glimrande tale. Tema for talen var rausheit og det å vere bevist på våre eigne haldningar.

Kvar einaste dag setter vi spor etter oss. Korleis ønsker du å bli oppfatta av dei i rundt deg? Korleis ønsker du å bli møtt av andre? Korleis reagerer du på negative kommentarer, for eksempel på nettet? Kan vi forbetre oss? - var nokre av dei utfordrande spørsmåla Johansen tok opp.

- Rausheit er å gi noko utan forventning om å få noko tilbake. Det å kunne unne andre suksess. Våge å feile, tillate andre å feile. Tilgi. Rausheit smitter.

- Feiring av 17. mai er feiring av friheit, feiring av positive haldningar, og det å følge opp gode ord og gode aktive haldningar ut over festtalar, avslutta Cicilie Johansen.

I toget deltok flaggborg, Harøy skulekorps, barnehagen og alle 10 klassetrinna og borgartoget til slutt.

Vel framme ved Harøy kyrkje var det kranspålegging for å minnast dei som ga sitt liv for freden etter 2. verdskrig og krans ved bautaen for å minnast offerviljen til Englandsfararane. Det er gripande kvart år når våre eigne ungdommar får denne oppgåva. Før kranspålegginga las Magnus Myklebust diktet «Til ungdommen» av Nordahl Grieg.

I den påfølgande Gudstenesta forretta sokneprest Anne Marit Riste og full kontroll over orgelet hadde kantor Robert Coates. Før talen fekk vi vårleg sang av skuleelevane frå 1. til 4. klasse samt at 2. klassingane fekk utdelt barnas songbok.

Ettermiddagsprogremmet blir delt opp og feira i dei gamle skulekrinsane i kommunen med alt som høyrer 17. mai til; brus og pølser, kaffi og godkaker, leikar for store og små og med kulturelle innslag.