Smp.no: Dei fire som har levert anbod på Nordøyvegen er:

* Implenia AS

* Arbeidsfellesskap mellom K.A. Aurstad AS, Metrostav NUF Norge og Toto S.p.A

* PNC Norge AS

* Skanska Norge AS

– Vi er veldig godt nøgd med at fire entreprenørar har levert tilbod på kontrakten. Det er stor konkurranse i anleggsmarknaden i heile landet og mange jobbar for entreprenørane å rekne på. Fire tilbod viser at vi har eit attraktivt prosjekt, seier prosjektleiar Marianne Nærø til Vegvesen.no.

Logistikk, dårlege vegar, dårleg vêr

– Logistikken mellom øyane, og dei dårlege vegane på øyane, blir ei viktig utfordring og eit suksesskriterium, understrekar prosjektleiar Marianne Nærø. Ho har også bede entreprenørane om å ta høgde for klima vêr, og vind i planlegginga og prisinga.

På synfaringa i februar fekk entreprenørane også sjå Hestøya, der tunellinngangen skal ligge åtte meter under havoverflata. Ned mot tunellen skal ei demning halde sjøen ute.

Meir ukjende entreprenørar som Toto (Italia) og Metrostav (Tsjekkia) var å sjå side om side med Skanska, Veidekke, Implenia, AF Gruppen og K A Aurstad.

No skal det reknast på tilboda. Dei bruker eit såkalla tokonvolutt-system. Sjølve anbodsprisen kjem ikkje fram på fleire veker enno.

Først vil fylkeskommunen og Vegvesenet sjå korleis entreprenørane vil løyse dei mange utfordringane. Ein entreprenør som vil løyse det heile på ein smart måte kan få oppdraget sjølv om prisen ikkje er lågast. Det var forresten slik K A Aurstad fekk milliardprosjektet E6 mellom Sjoa og Vinstra, i samarbeid med sveitsiske Implenia. Gode planar for gjennomføringa gjorde at det vippa i deira favør med ein margin på 12 millionar kroner, slik Per Kristian Langlo har fortalt til Sunnmørsposten tidlegare.

På førehand har Statens vegvesen vurdert at kontrakten på Nordøyvegen ligg mellom 1,8 og 2,2 milliardar kroner pluss moms. Gruppa som no skal evaluere entreprenørane sine planar for gjennomføring har fagfolk med ulik fagbakgrunn både frå Statens vegvesen og Møre og Romsdal fylkeskommune. Konvolutt to med anbodsprisen blir opna i juni.

Planen til Vegvesenet er å kåre ein vinnar før fellesferien og teikne kontrakt 7. september. Anleggsstarten blir i oktober.

Det var Sunnmørsposten som først hadde saka.