​I Midt-Norge har det vore to AMK-sentralar som har hatt ansvar for koordineringa av luftambulansetenesta – St. Olavs og Ålesund. No har ei arbeidsgruppe samansett av relevante miljø frå heile regionen vurdert denne løysinga, skriv Helse Midt-Norge på sine nettsider.

«Det er no bestemt at sjølv om funksjonen har vore god ved dei to AMK-sentralane, er det riktig å samordne og legge funksjonen til ein stad,» skriv det regionale føretaket.

Bakgrunnen er mellom anna faglege anbefalingar frå nasjonale utgreiingar.

– Flest fordelar med Trondheim

- Både Ålesund og Trondheim har føresetnadar for å ivareta denne funksjonen, men det er flest fordelar ved å legge dette til den regionale AMK-sentralen i Trondheim. Derfor blei konklusjonen sånn, sjølv om AMK-sentralen i Ålesund er vår nyaste og mest moderne, seier adm.dir. Stig A. Slørdahl i pressemeldinga.

Slørdahl fortel at han har konkludert etter drøfting med direktørane i helseføretaka. Men AMK-sentralen i Ålesund er backup-løysinga viss regional AMK i Trondheim skulle falle ut.

– Det blir no viktig å fullføre arbeidet med nødvendige tekniske og tenestemessige løysingar ved AMK Møre og Romsdal. Det skal leggast til rette for eit tett fagleg samarbeid mellom dei to sentralane også framover, seier Slørdahl.

Held fram med oppgradering i Ålesund

– Vi skulle gjerne sett at funksjonen blei lagt til AMK Møre og Romsdal, men vi opplever likevel at det har vore ein god prosess der vi har vore med i diskusjonen og gitt våre innspel, seier avdelingssjef Kristen Rasmussen i Avdeling for AMK, ambulansehelikopter og pasientreiser i Helse Møre og Romsdal. Og:

– Vi ser det er både fordelar og ulemper ved å sentralisere flight following-funksjonen uansett plassering. Tilsvarande omlegging blir også gjennomført i resten av landet etter anbefalingar frå nasjonale utgreiingar som har kome i kjølvatnet av store hendingar.

Rasmussen seier vidare at dei vil følge med på konsekvensane som omlegginga vil ha for responstida, slik at desse blir minimale.

Rår til færre sentralar

Fleire nasjonale utgreiingar rår til færre sentralar for luftambulanse. Mellom desse er havari-rapporten etter ulykka ved Sollihøgda 2014, 22.juli-rapporten og NOU 2015:17. Målet er å sikre betre oversikt over ressursane og betre samordning.

Ulempa er at fleire AMK-sentralar som til no har disponert ambulansehelikopter direkte, i framtida må gå via ein annan AMK-sentral. Det vil ta fleire sekund, men vil mest sannsynleg kompenserast ved betre oversikt og samordning.

PS: I valet mellom Ålesund og Trondheim, har Helse Midt-Norge lagt vekt på fleire moment. Dei ligg i denne pressemeldinga.