Dette er mottoet når NRK Møre og Romsdal inviterer til ryddedugnad torsdag 3. mai.

Pressemelding frå NRK:

Bli med på «Heile Møre og Romsdal ryddar»

Torsdag 3. mai blir det ryddedugnad i heile landet, og NRK inviterer deg og dine til å vere med. Vårt motto: Ingen kan ta alt, men alle kan ta litt.

Plast i naturen er eit stort miljøproblem, spesielt for dyrelivet. I dag er det berre ein tredel av plastavfallet vårt som blir attvunne, ifølge Miljødirektoratet, og alt for mykje endar i naturen. Sidan plasten ikkje blir broten ned, blir han liggende til nokon plukkar  opp plasten. Alt for ofte er det dyr som ufrivilleg står for plukka.

Den siste tida har det dukka opp fleire døme på dyr som har blitt skadd av søppel. Den såkalla plasthvalen har fått følge av blant anna kyr, delfinar og ein rev.

Hald av torsdag 3. mai

For å gjere ein forskjell, inviterer NRK til en landsdekkande ryddedugnad 3. mai. Vi vil ha heile landet med på ei grundig vårreingjering, og utfordrar skular, barnehagar, idrettslag, korps, speidargrupper, politiske parti, burettslag, kommunar, næringslivet og ikkje minst enkeltpersoner til å bli med. Alle distriktskontora til NRK er med, og kjem til å dekke aksjonen på både radio, TV og nett gjennom dagen.

NRK Møre og Romsdal flyttar sendingane ut denne dagen, og skal også sende på NRK1 med innslag og direkterapportar frå heile landet.

-Vi vil vise det engasjementet vi veit finst rundt om i Møre og Romsdal for å halde den vakre lansdelen vår rein! Problemet med forsøpling gjeld oss alle, og difor håper vi flest mogleg blir med på «Heile Møre og Romsdal ryddar», seier distriktsredaktør i NRK Møre og Romsdal, Hallstein Vemøy.

NRK samarbeid med fleire av avisene rundt om i fylket om dugnaden, som skal bidra til mindre søppel i naturen og auka medvit og engasjement rundt eit stort, globalt miljøproblem.

I fjor gjekk NRK Rogaland og lokale mediehus saman om å rydde heile Rogaland. Fleire tusen mennesker bidrog til å gjere fylket litt reinare.

No tek vi det eitt steg vidare: Torsdag 3. mai går heile Noreg saman for å rydde.

Slik blir du med

«Hele Norge rydder» blir arrangert i samarbeid med Hold Norge Rent og Strandryddeveka, og du kan delta på fleire måtar:

1. Rydd der du er

Ta ein runde i nærmiljøet. Plukk søppel på veg til og frå barnehage, skule eller jobb. Inviter ein venn med på plogging. Moglegheitene er mange. Ta med deg ein pose og kast den heime når du er ferdig, eller putt søppelet i dei offentlege søppelkassene du ser på vegen. Hugs å resirkulere plastavfallet du samlar dersom du har høve til det.

2. Rydd ei strand

Finn eller opprett ein ryddeaksjon ved ei strand, elv eller innsjø i ditt nærmiljø på nettsidene til Hold Norge Rent og Strandryddeuka. Her kan du også bestille ryddeutstyr og finne ut korleis du blir kvitt avfallet når du er ferdig.

Vi oppmodar alle om å bli med, men om datoen ikkje passar, kan du sjølvsagt rydde når som helst. Og det heller ikkje berre plast som gjeld. NRK oppmodar folk til å plukke all slags type søppel. Hugs: Ingen kan ta alt – alle kan ta litt.

Har du plukka plast? Merk bileta dine på sosiale medier med #nrkplast, eller send oss ein e-post; mr@nrk.no.