Markerte 80-årsdagen for Rokta-forliset

80 år sidan tragedien ved Gallerskjæra.
Nyheter

Tirsdag 3. april var det 80-årsmarkering av Roktaforliset. Det skjedde ved Roktamonumentet på Rindarøya.

Aukra-ordførar Bernhard Riksfjord la ned krans. Sverre Devold, leiar av Rindarøy velforeining, fortalte om forliset og den lange redningsaksjonen. Sharleen og Ely Clapperton spelte fiolin.



– Det var omkring førti frammøtte, og det vart ei fin og verdig markering, fortel Berit Drejer.

Fraktefartøyet DS «Rokta» forliste i storm ved Gallerskjæra på Hustadvika natt til 3. april 1938.

Seks av mannskapet på tolv vart berga i live etter ein dramatisk redningsaksjon der to av redningsmennene omkom.