Nedbygging av dyrkamark med ny veg på Hjelset

– Ta vare på matjorda

Jordvern Møre og Romsdal engasjerer seg for å sikre at matjorda frå dyrkamark på Hjelset som blir nedbygd, blir tatt vare på.

VIKTIG RESSURS: Kolbjørn Gaustad i Jordvern Møre og Romsdal er opptatt av at matjorda blir tatt vare på når dyrka mark blir bygd ned i samband med bygging av ny veg på Hjelset.   Foto: Olav Skjegstad

Nyheter

– Jordvern Møre og Romsdal har registrert at det til trass for skjerpa krav til jordvern vil bli bygd ned matjord på Hjelset der det skal byggast nytt sjukehus, seier Kolbjørn Gaustad, leiar i Jordvern Møre og Romsdal.

– Vi vil be om at matjorda blir tatt vare på og flytta på ein slik måte at den flytta jorda kan komme matproduksjonen til nytte på ein best mogleg måte, legg han til.

Svært god jord

Jordvern har vore på synfaring og sett på matjorda i området som vil gå med til vegtilknyting i samband med sjukehuset på Hjelset.

– Synfaringa viste oss at området har noko av den beste matjorda ein finn her i fylket. Dette kan bekreftast av tidlegare heradsagronom Øyvin Solli, som viste oss dei arkeologiske utgravingane for vegtraseen, fortel Kolbjørn Gaustad.

Saka vart også tatt opp på jordvernmøte på Gjermundnes nyleg, der det kom fram at nettopp på Hjelset blir den mest omfattande nedbygging av matjord i samband med utbygging av E39 og ny veg til sjukehuset.

Mellomlagring

Kravet frå Jordvern Møre og Romsdal er at jordflyttinga skal vere eit avbøtande tiltak der ”sjukehusjorda” blir mellomlagra for seinare å bli nytt topplag på erstatningsjorda. Dette vil grunneigarane få som avbøtande tiltak frå Statens vegvesen, etter vegomlegginga.

– Vi har samarbeid med forsøksringen Landbruk Nordvest og kan tilrå den som eit fagleg kompetent organ, som kan medverke, slik at ein oppnår det som er tilsikta med jordflytting, seier Kolbjørn Gaustad.