Staten førebur sal av eigedom på Raudsand – lover å rydde opp

Departementet førebur sal av statleg eigedom på Raudsand. Statsråden lover opprydding, men ber Miljødirektoratet om utvida frist.

Vil selje: Etter klarsignal frå Stortinget, vil Nærings- og fiskeridepartementet avhende statleg eigedom på Raudsand.   Foto: Øyvind Leren

Nyheter

Stortingsrepresentant Steinar Reiten (KrF) er oppteken av forholda på Raudsand i Nesset. Han stilte på tampen av 2017 spørsmål til nærings- og fiskeriministerminister Monica Mæland om miljøstatus for statens eigedom der, i samband med at det er aktuelt med avhending.