Fleire turistar vil reise som lokalbefolkninga

Suksess for konseptet «Travel like the locals».

Turistmål: Atlanterhavsvegen er mellom dei mest besøkte turistmåla i fylket.  

Nyheter

MOLDE: Møre og Romsdal fylkeskommune og FRAM sitt konsept «Travel like the locals» har auka med 74 prosent samanlikna med 2016, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.

«Travel like the locals»-turane går med vanleg rutegåande transport for å utnytte ledig kapasitet om sommaren, når det er færre som reiser til jobb og skule.

Rundturane går frå Ålesund, Molde, Kristiansund og Åndalsnes til kjende turiststader i fylket.

2016 var første året. Då var det om lag 3700 reisande. Før 2017-sesongen vart tilbodet marknadsført betre, og det vart oppretta fleire turar. Noko som resulterte i meir enn 6400 reisande i 2017.

– Turistane set tydelegvis pris på å oppleve den fantastiske naturen i Møre og Romsdals frå eit sete i ein vanleg rutebuss frå FRAM, seier Marit Holen, rådgivar i samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune i pressemelding.

– I Nordmøre og Romsdal vart Romsdal Reiseliv og Handel vår viktigaste samarbeidspartnar i 2017, seier Konrad Lillevevang, seksjonsleiar og ansvarleg for marknadsføringa av FRAM. Målet er fysiske utsalsstader også i Molde og Kristiansund før 2018-sesongen.