Seks firma vil starte på Nordøyvegen

No startar snart arbeidet med tunnelane.

Marianne Nærø er prosjektleiar for Nordøyvegen. 

Nyheter

Seks entreprenørar har levert tilbod på førebuande arbeid på Austnes og Longva.

Kontrakten er på bygging av forskjeringar (startpunkt) for tunnelane. På begge stadar blir det sprenging, fjerning av massar og dreneringsarbeid.

AF ABOL/Busengdal transport  - 21 699 014 kr

Contexo AS - 23 533 530 kr

K.A. Aurstad AS - 20 969 748 kr

Lesja Bulldozerlag AS - 24 846 784 kr

Veidekke Entreprenør AS - 26 361 027 kr

Volda Maskin AS - 26 591 410 kr

– Vi er veldig godt nøgde med konkurransen også på denne kontrakten, seier prosjektleiar Marianne Nærø i ei pressemelding

Statens vegvesen skal no gå igjennom all dokumentasjon og kontrollrekne tilboda. Planen er å skrive kontrakt i siste del av september.