– Det er mykje lettare å gå ut i naturen og sjå det som er der, i staden for å gå inn i eit galleri. Du går berre ein tur, så kan du smyge deg til å sjå på kunsten. Å gå i galleri er å tråkke over ein terskel og inn i eit rom, seier Gunn Nordheim Morstøl. Ho er leiar for det faste innslaget i Fjellfestivalen, Kunst i Natur.

Utstillinga på Litjefjellet trekk til seg eit par hundre kvart år, ifølgje gjesteboka. Det er langt fleire enn dei som går i galleriet til Morstøl lengre ned i dalen.

– Kunsten går ut til folk på ein heilt annan måte her. For oss kunstnarar er det også spennande å komme oss ut av dei kvite veggane vi møter i galleriet, seier Morstøl.

Pioner på festivalen

Kunst i Natur var på plass for første gong for 15 år sidan. Da var arrangementet det einaste kulturelle Fjellfestivalen hadde å by på.

– Vi starta det tredje året av festivalen, da det berre var toppturar og slikt. Kunst i Natur var det første kulturelle arrangementet på festivalen, og eg trur det var ein viktig ting som skjedde når vi kom. No er det veldig mykje kulturtilbod, så det kan hende vi druknar litt i det, men det er flott at det er så mykje som skjer no, seier Morstøl, som verkar meir stolt enn trua av konkurransen.

Internasjonale Isfjorden

Mens det meste på Fjellfestivalen går i høgda, går Kunst i Natur også i djupna.

– Det er ei ganske stor greie å dra hit 14 kunstnarar frå forskjellige land. Det er ikkje berre ein liten konsert eller noko kjapt event, det får ringverknader. Dei tilreisande kunstnarane søv hos folk i bygda, og dei møter menneska som bor her. Eg trur det har gjort noko med kunstinteressa. I starten var folk ganske skeptisk, men etter kvart har dei fått verkelege forventningar og blitt meir opne. Det gjer at vi kan gjere meir kompliserte ting, og folk heng med, fortel Morstøl.

Utgangspunktet for heile prosjektet var nettopp det å få kunstnarar til Isfjorden. Første året var det berre fire stykk som kom, mens det i dag berre er husplassen som set grensa.

– Da eg først begynte med det her hadde eg små barn, og kunne ikkje reise så mykje. Da ville eg heller få ting til å skje her. Det har vore ein verkeleg dugnadsinnsats i lokalsamfunnet. Folk hjelp til med husplass og mat. Det blir ingen forteneste av det, men eg trur vi får eit opnare samfunn. Sjølv flytta eg til Isfjorden for 30 år sidan, men av og til trur eg man må bu her i tre generasjonar for å bli akseptert. Eg meiner det betyr noko at vi blir meir inkluderande, seier Morstøl.

Du møter på mykje forskjellig opp Litjefjellet. Foto: Svein Olav Sæter
Gunn N. Morstøl trur prosjektet forbetrar bygda. Foto: Svein Olav Sæter