– Haram ut av storkommunen med rødgrønt fleirtal

Klart bodskap frå Trygve Slagsvold Vedum (Sp) under turnéen i Møre og Romsdal.

Trygve Slagsvold Vedum saman med folk frå Aksjonskomiteen mot tvangssamanslåing, f.v.; Ann-Mari Skarbø, Arnt Ove Tenfjord og Edel Tolås. FOTO: STAALE WATTØ, Sunnmørsposten 

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum besøker Møre og Romsdal. Her saman med Haram-ordførar Vebjørn Krogsæter. FOTO: STAALE WATTØ, Sunnmørsposten 

Nyheter

(Sunnmørsposten) Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum er på besøk i Møre og Romsdal i dag, tysdag.

Og: Under første stopp - i Brattvåg, er det klar tale frå Vedum.

– Dersom det blir rødgrønt fleirtal etter valet til hausten får Haram melde seg ut av storkommunen, og dette kjenner eg meg også trygg på at også KrF støttar, seier han.

Under Haram-besøket har han elles hatt ein prat på kontoret saman med ordførarane i Haram og Vestnes - Vebjørn Krogsæter og Geir Inge Lien. Møtet skjedde utan at media var med, men samtaletema skal ha vore nettopp kommunereform og i tillegg også både sentralisering av brannvesenet så vel som sjukehussaka i Nordmøre og Romsdal.

– Det er alltid stas å få Sp-leiaren på besøk. Han er ein dyktig lagbyggar som legg vekt på å skape gode relasjonar og som ser kor viktig det er med laust prat over kaffikoppen, seier Geir Inge Lien.

For etter Haram-besøket, som varer fram til klokka 13, reiser følgjet vidare nett Vestnes, før ein endar opp i Stranda. Dei tre kommunane har alle Sp-ordførar.

Einskilde meiningsmålingar viser at Sp er inne med to mandat frå Møre og Romsdal. Slår dette til er andrekandidat Lien med andre ord klar for Stortinget.

Denne saka vart først publisert i Sunnmørsposten.