Det blir ingen straffereaksjonar etter to tilfeller av utilsikta avfyring av tenestevåpen i Møre og Romsdal politidistrikt i fjor. Spesialeininga for politisaker har lagt bort sakene mot dei involverte tenestepersonane, skriv politiet i ei pressemelding.

Ingen personar kom til skade i samband med dei utilsikta avfyringane.

Det første hendinga var inne på Ålesund politistasjon i slutten av september og ikkje i aktiv teneste blant publikum. Prosjektilet gjekk i golvet.

Den andre hendinga var i oktober på ein parkeringsplass utanfor eit lensmannskontor på Nordmøre og der gjekk våpenet av i samband overflytting av våpen frå ein tenestebil til ein annan. Prosjektilet gjekk ned i asfalten og det var berre folk frå politiet til stades.

Spesialeininga har rutinemessige etterforska dei to avfyringane og no konkludert med at dei aktuelle tenestepersonane ikkje har gjort seg skuldige noko straffbart i samband med dei to hendingane.

– Det er alltid naturleg å gå gjennom rutinane for våpenhandtering når slikt skjer. Det har vi gjort denne gongen også og vi har endra litt på instruksen for handtering av våpen i heile distriktet. Vi set tryggleiken i høgsetet, slik at risikoen for utilsikta avfyringar vert redusert ytterlegare, seier politimeister Ingar Bøen i Møre og Romsdal politidistrikt i ei pressemelding.