700 nordmøringar har svart på spørsmålet «Hva ville du stemt om det var stortingsval i morgen?». Undersøkinga er gjort av Sentio Research på oppdrag frå radiokanalen KSU 24/7.

Målinga

Svara gir partia følgjande prosentvise oppslutning (med fylkesresultat frå stortingsvalet 2013 i parentes): Arbeidarpartiet 27 (25,2), Senterpartiet 21 (8,2), Høgre 10 (26,2), Nordmørslista 8 (-), Frp 7 (20,1), SV 3 (2,5), KrF 2 (8,9), Venstre 2 (5,6), og MDG 2 (1,4). 16 prosent svarte «Vet ikke».

Dei store tilbake

– Det mest dramatiske ved målinga er at dei tre store partia på Stortinget er sterkt svekka på Nordmøre. Høgre og Frp er halvert i høve til siste stortingsval, og Arbeidarpartiet er kraftig svekka, seier Jan-Erik Larsen, som kommenterer målinga for radiokanalen. Larsen er tidlegare lokalpolitikar og statssekretær ved Statsministerens kontor, og driv no rådgivingsselskapet Kruse Larsen.

Larsen peikar på tilbakegang for Arbeidarpartiet, som historisk stått sterkt i Kristiansund, og sikra gode Ap-tal for fylket samla sett.

– Skal partiet nå målet om tre representantar, må dei få mellom 30 og 40 prosent på Nordmøre, ikkje under 30, som no, poengterer Larsen.

Også regjeringas støtteparti slit på denne målinga.

Nordmørslista

Larsen slår fast at Nordmørslista neppe hadde kome inn på Stortinget om målinga var valresultat.

– Årsaka er at lista neppe trekker stemmer utanfor Nordmøre. For å komme på Stortinget må NML ha rundt 10 prosent av stemmene i heile fylket, og truleg rundt 30 prosent på Nordmøre. Det ser eg på som umogleg, seier Larsen.

Kraftig fram

Senterpartiet er den store vinnaren på målinga, med auke frå 8.2 prosent i 2013 til 22 prosent.

– Valvinnaren på Nordmøre, som elles, kjem til å bli Senterpartiet, kommenterer Larsen, og trur partiet faktisk slåst om mandat nummer to frå fylket.

Rbnett har i dag ikkje lykkast i å komme i kontakt med Jenny Klinge (SP), men ho kommenterer målinga på sin Facebook-profil:

– Over 20 prosent til Senterpartiet på vakre Nordmøre er slett ikkje dårleg, sjølv om det berre er meiningsmåling! skriv Klinge. Og lover at ho og Geir Inge Lien saman med Marit Nerås Krogsæter og Henrik Stensønes (vara) vil bli eit godt lag i valkampen.