– Når vi skal ha bryllaup med over 100 gjester frå heile Norge og mange frå USA, var det opplagt at vi ville feire i vakre Isfjorden, seier Katrine Kavli Sivertzen (30).

I august gifter ho seg med amerikanske David Smith (32) i Hen kirke, med storfest på samfunnshuset i Isfjorden.

Røter

Katrine er oppvaksen i Trondheim, men kjenner seg heime i Isfjorden, der mora Hilde Anita Kavli kjem frå. Familien har feriehus her og slekt å besøke, og tek ofte turen.

Katrine og David trefte kvarandre i studietida i USA, han har no flytta til Trondheim.

Paret er svært begeistra for raumanaturen, og går mykje i fjellet her både sommar og vinter.

Portrettert av Bush

At ekspresident George W. Bush og kona no står på lista over inviterte gjester, heng saman med Davids bakgrunn som soldat i Irak-krigen.

Han reiste ut som 18-åring, og er no mellom krigsveteranane som Bush har engasjert seg sterkt for. Nyleg ga Bush ut boka «Portraits of Courage. A Commander in Chief’s Tribute», som har blitt ein bestseljar i USA. Boka portretterer David og ei rekke andre krigsveteranar, omtalt av NRK Trøndelag nyleg.

Besøk på ranchen

David og Katrine har også fleire gonger vore på besøk hos Bush på ranchen i Texas, der ekspresidenten har arrangert samlingar og aktivitetar.

– Det har vore kjempeopplevingar å komme dit. David har blitt teken med i paneldiskusjon og andre samanhengar, for å skape forståing for situasjonen for veteranane. Det er veldig stas med portrettet og boka, han skriv også handskrivne brev og viser veldig tydeleg at han bryr seg om dei han sende ut i krigen, fortel Katrine.

– Men vil George W. og Laura Bush komme i bryllaupet i Isfjorden?

– Vi håper det! Svarfristen er i mai, så vi får sjå. Det ville vere veldig flott å få vise dei Norge, Romsdalen og Isfjorden – alt det vakre her med fjell og fjord, Trollveggen og kanskje Geiranger. Det er jo så fint her, seier Katrine Kavli Sivertzen.