MOLDE: Ved høgskolen og i Panorama, uavhengig nettavis for høgskolen, går no debatten om rektorval og likestilling – og om regelverket som ser ut for å stenge ute kvinner som kandidatar til rektorjobben.

Likestilling

Rektor Hallgeir Gammelsæter har som kjent varsla at han trekker seg til sommaren.

Han går av midt i perioden, og valet på ny rektor er dermed suppleringsval, med utskifting av berre ein person.

Likestillingsregelverket seier at det skal vere jamvekt mellom menn og kvinner i styret, og også i gruppa av fagpersonale i styret. Det er fire personar i denne gruppa, to menn og to kvinner. Når ein mann da går ut, er det dermed ein mann som må komme inn.

– Tolking

– Som saka står no, så ser det ut for at ny rektor må bli ein mann – med mindre ei av kvinnene i faggruppa er aktuell som rektor, seier høgskoledirektør Gerd Marit Langøy, som også er sekretær for styret.

Deler av debatten går på om rektor skal reknast inn i faggruppa, eller kan reknast «for seg».

– Det er ulike tolkingar av dette, men vi må halde oss til departementets konklusjon. Den er altså at rektor inngår i faggruppa på fire, og i så fall må ny rektor vere ein mann fordi det er ein mann som går ut. Men sidan det er ulike tolkingar av dette, har vi bedd departementet om ei ekstravurdering av situasjonen, seier Langøy.

Engasjement

Saka har skapt stort engasjement på høgskolen.

– Det er ikkje så rart. Vi hadde tilsvarande situasjon før jul, da vår kvinnelege prorektor skulle erstattast ved suppleringsval – da måtte det inn ei kvinne. Men desto høgare opp i systemet ein kjem, desto meir påfallande vert det. Det er grei logikk i likestillingsperspektivet når alle er valde samtidig, men når ein person skal ut som no, vert det spesielt. Det spørst om lova godt nok har teke høgde for slike situasjonar med suppleringsval, seier Langøy.

– Personleg meiner eg at rektorvalet burde vere uavhengig av kjønn, det burde vere den som er best eigna som får jobben, uansett kjønn, seier Langøy.

Nominerer

Høgskoledirektøren opplyser at prosessen for det kommande valet er i gang. Ein nominasjonskomité vert no etablert, og skal ha sitt først møte over helga. Komiteen er samansett av representantar frå fag- avdelingane, styret, administrasjonen, studentane og fagforeiningane.

– Komiteen kan nominere tilsette og/eller eksterne som rektorkandidatar. Det er mindre vanleg med eksterne kandidatar, men det har skjedd også lokalt, seier Langøy.

Nominasjonskomiteen skal ha sine forslag klar 28. april. I tillegg kan dei som sjølv ser seg som kandidatar, også melde seg. Presentasjon av kandidatar vert 11. mai, og valet er planlagt 23. mai.

Valordning

Høgskolar kan rekruttere rektor enten ved val, eller ved tilsetting. I Molde har ein per i dag ordning med val.

Valet denne gong er altså suppleringsval, og den nye rektoren går inn i eit åremål på to år. Framfor neste ordinære periode, meiner Langøy det er naturleg å sjå på høgskolens tilsettingsordning for rektorar på nytt.

– Til neste runde i 2019, bør styret diskutere tilsetting heller enn val av rektor. Etter nye reglar, trengst det no berre simpelt fleirtal i styret for å legge om, seier Langøy.

HØGSKOLEDIREKTØR: Gerd Marit Langøy.FOTO: ERIK BIRKELAND Foto: ERIK BIRKELAND