Tingvollost er kåra til Årets bedrift i Møre og Romsdal. Det er klart etter at regional- og næringsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune valde osteprodusenten på topp bland dei 38 forslaga som hadde komme inn.

Den familiedrivne bedrifta lagar for tida verdas beste ost, blåmuggosten Kraftkar, og har sett Tingvoll på det internasjonale matkartet.

– Tingvollost er ein betydeleg arbeidsplass i kommunen, dei er opptatt av å nytte lokale leverandørar og bygge nettverk med andre regionale aktørar, seier leiar i regional- og næringsutvalet Runar Vestheim.

– Tingvollost har gjennom nasjonal og internasjonal merksemd, sett regionen og Noreg som osteland på verdskartet. Gjennom dei 14 åra bedrifta har eksistert, har dei vore Tingvoll sitt visittkort mot omverda, seier han.

Vestheim trekker også fram bedrifta sin tydelege miljøprofil.

– Dei tar miljøansvar ved gjenbruk av energi, reinsing av vatn og kjeldesortering, seier han.

Prisen blir delt ut under fylkestinget i april.

Tidlegare vinnarar av Fylkesprisen Årets Bedrift

2015: Slettvoll Møbler AS, Stranda kommune

2014: Ulmatec Pyro AS, Haram kommune

2013: Rindalslist AS, Rindal kommune

2012: Kleven Maritime AS, Ulstein kommune

2011: Arvid Gjerde AS, Rauma kommune

2010: Gjøco AS, Gjemnes kommune

2009: Saferoad AS, Ørsta kommune

2008: Odim AS, Hareid kommune

2007: Brunvoll AS, Molde kommune

2006: Haugen Bok AS, Volda kommune

2005: GC Rieber Oils AS, Kristiansund kommune

2004: Hydro Aluminium Sunndal AS, Sunndal kommune

2003: Hustad Marmor AS, Fræna kommune

2002: Berg Jacobsen Gruppen AS, Molde kommune

2001: I.P. Huse AS, Sandøy kommune