Ein mann i slutten av 20-åra er mistenkt for bilkøyring i narkotikarus. I bilens hans vart det også beslaglagt narkotika, heiter det i ei pressemelding frå Møre og Romsdal politidistrikt.

Dette var mellom resultata etter ein storkontroll på Ørskogfjellet torsdag, der 4200 køyretøy vart stoppa.

Kontrollen vart gjennomført av Møre og Romsdal politidistrikt i samarbeid med Statens vegvesen og Tollvesenet.

Over 60 kontrollørar frå dei tre etatane var med og gjennomførte kontrollen, som skal vere den største i sitt slag nokon gong her i fylket.

Til saman 34 bilførarar fekk gebyr – dei aller fleste fordi dei ikkje hadde med førarkort, medan fire førarar vart melde fordi dei ikkje har gyldig førarkort.

– Vi fokuserte på førarane denne gongen, og konsentrerte oss om dokumentkontroll saman med promillekontroll, seier politiførstebetjent Steven Blindheim som er trafikk-koordinator for politiet på Sunnmøre.

Fagsjef for køyretøy i Statens vegvesen, Sverre Bigset, seier at hans etat konsentrerte seg om vinterutrustninga til køyretøya.

11 køyretøy vart avskilta, medan 27 bilførarar fekk mangellappar.

- Når ein ser på den stor mengda av kontrollerte køyretøy, må talet på reaksjonar seiast å vere gledeleg lågt, seier politførstebetjent  Blindheim. Han får støtte frå Bigset i Vegvesenet.

- Dette må seiast å vere eit bra resultat, seier fagsjefen i pressemeldinga.