- Nordøyvegen vil svare seg

Har bestilt ny rapport som viser at Nordøyvegen vil svare seg.
Nyheter

Næringslivet i Haram og Sandøy har fått utarbeida ein ny rapport om Nordøyvegen, og inviterer til presentasjon av rapporten.

Rapporten er utarbeidd av konsulentfirmaet Deloitte, og skal leggast fram på ein pressekonferanse i Ålesund måndag.

Innhaldet skal fram til då vere hemmeleg - med unnatak altså av konklusjonen, som ifølgje arrangørane viser at Nordøyvegen vil svare seg.

Desse vert til stades på presentasjonen:

• Glen Bradley og Odd Einar Sandøy frå Rostein AS på Harøya

• Kjell Norvoll, Nogva Motorfabrikk AS, Søvika

• Inge Huse, IP Huse AS, Harøya

• Bjørn Sandnes, Nordøyvegen AS

• Guttorm Ulla, Haram Næring og Innovasjonsforum, Haram

• Guro Fasting og Remi Eliassen frå Deloitte