Flatbrød med ramsløk fra Mosbøen Gård i Øksendal vart i år kåra til Årets produkt i OI!, Trøndersk Matfestival. Mosbøen var i konkurranse med alle dei andre landbruksbaserte produkta på festivalen, skriv Fylkesmannen i Møre og Romsdal i ei pressemelding.

- Fylkesmannen gratulerer Mosbøen Gård med den gjeve prisen, og ynskjer alle lokalmatprodusentar i Møre og Romsdal lukke til med salget på matfestivalane utover hausten!

Frå august til oktober er det høgsesong for matfestivalar i Møre og Romsdal, men ein del produsentar frå Møre og Romsdal deltok også på Oi! Trøndersk Matfestival i Trondheim.

Lokalmatprodusentar frå Nordmøre har i mange år vore å finne på matfestivalar og julemesser i Trondheim. Dette er viktige salsarenaer, både for dei som er med i Bondens Marked, og andre som satsar på torgsalg. Produsentane frå Møre og Romsdal representerer eit breitt spekter av tradisjonsmat, både frå land og sjø: Smør, rømme, ostar av både ku- og geitemjølk, kjekjøt, klippfisk, røykalaks, lefser og flatbrød, heiter det i pressemeldinga.