Gapskrattfestivalen og Syltemartnan er populære tiltak som set Tresfjord på kartet. Gapskrattfestivalen vart igjen ein suksess,  Syltemartnan er neste store arrangement i år.

Den har tradisjon tilbake til 1800-talet, i den moderne versjon har den halde på i 39 år samanhengande. Tresfjord skule og området rundt har vore staden med eit par unnatak. Då nye Tresfjord skule vart bygd var martnan på Gjermundnes, og for eit par år sidan var den på Rypdal.

Plass til alle

– Det har vore trongt om plassen på skulen, og det har hendt at vi måtte seie nei til utstillarar på grunn av plassmangel. No blir ikkje dette noko problem lenger. Vi håpar på over 100 utstillarar., bortimot 80 har allereie tinga plass, seier Melinda Kjersem, ei av dei 14 i arrangementskomiteen til Tresfjord Røde Kors. I fjor var 4500 personar innom martnan, arrangørane håpar på minst like mange denne gongen.

Syltemartnan blir arrangert siste helga i august. Vi møtte arrangørane i Røde Kors-huset i Tresfjord like før dei tok sommarferie, det er mykje som skal planleggast for at alt skal klaffe.

Kjøp og sal av gamle ting er populært på Syltemartnan, dit det kjem folk frå store delar av landet. I tillegg blir det veteranbilutstilling laurdag, og det blir mykje større innslag med landbruk som tema, fortel Jørgen Kjersem.

For barna blir det riding og andre aktivitetar.

Lokale krefter

Tida med dyre artistar er forbi. Dei trekte mykje folk, men økonomisk var det meir krevjande. Den største publikumssuksessen var året då country-legenda Bobby Bare med fullt band tok turen frå USA og spela opp i Tresfjord.

Tresfjord Røde Kors er arrangør av Syltemartnan, i samarbeid med Tresfjord Janitsjar og andre lokale gode hjelparar. Syltemartnan legg grunnlaget for økonomien i laget, overskotet går til ideelle tiltak for folk i bygda og innkjøp av utstyr til arbeidet i Tresfjord Røde Kors.

Syltemartnan blir arrangerert helga 27.-28. august.