Har plass til meir

Aukra kommune har Nyhamna. No har dei som mål å legge til rette for meir industriutvikling.

Skaper aktivitet Anlegget på Nyhamna skaper aktivitet og ringverknader. Ordførar Bernhard Riksfjord får full politisk støtte for sine tankar om tilrettelegging og satsing med tanke på ny industriutvikling.  Foto: Kjell Langmyren

Nyheter

– I eit nært og konstruktivt samarbeid med fylkeskommunen, partnarskap, andre kommunar og ulike interessegrupper, kan det vere mogleg å legge til rette for framtidsretta utviklingsområde, seier ordførar Bernhard Riksfjord (Ap).

Målet er tiltak, verdiskaping og industriutvikling på kort og lang sikt, også i fleire og andre bransjar enn det vi har i dag. Ringverknadene frå Nyhamna er store.

Full støtte

Det er politisk semje i Aukra om at kommunen skal vere ein aktiv og tydeleg aktør på nærings- og samfunnsutvikling. Det gjeld både lokalt, regionalt og i enkelte høve nasjonalt.

– Derfor er det viktig at vi allereie no og på eit tidleg tidspunkt, deltek aktivt saman med andre partar der utvikling på desse områda kan vere aktuelt og samlande.

Konstruktiv

Gjennom å vere ein konstruktiv aktør og medspelar, meiner ordføraren det er mogleg å få til ny verdiskaping, utvikling, framtidsretta tilrettelegging og eventuell omstilling.

– Det er viktig at samarbeidande aktørar kjem med innspel og forslag på ulike arenaer. For eksempel til den varsla industrimeldinga, som regjeringa vil legge fram ved utgangen av 2016.

Involvering

– Noko av intensjonane i notatet som vart lagt fram og fekk støtte i kommunestyret, har delvis vore på agendaen tidlegare. I formannskap vart konklusjon at kommunestyret og andre skulle involverast om kommunen sin ønska intensjon og deltaking.

– Aukra har delteke på møter med departement, kommunar, fylke, interesseorganisasjonar, næringsaktørar og andre som har ilandføringsanlegg, petroleumsaktivitet og anna industri eller næring.

Utviklingstrekk

– Der ser vi moglege lokale og regionale utviklingstrekk som mønster. Dersom vi samlast og er med som aktive og konstruktive aktør i samfunns- og næringsutvikling i vårt område, vil det verte eit positivt aktivum, meiner Riksfjord.

I det pågåande arbeid på areal, kommune- og samfunnsplan, er det viktig på eit tidlegast mogleg tidspunkt å kunne peike på aktuelle utviklingsområde som egner seg til industriutvikling. Arealet utanfor gjerdet på Nyhamna er høgst aktuelt. Også i Julsundet ligg eit industriområde.

– Det er ønskeleg at kommunestyret kan få seg framlagt sak som omhandlar desse moglegheitene. Og at dialogen held fram i alle aktuelle samarbeidsforum og eller avgjerdstakarar, meiner Riksfjord.