Regional- og næringsutvalet har kåra Slettvoll Møbler AS i Stranda til vinnar av Fylkesprisen Årets Bedrift 2015.

- Slettvoll er ei framtidsretta og innovativ bedrift som veks og skapar nye arbeidsplassar, heiter det i grunngjevinga.

Møre og Romsdal fylkeskommune deler kvart år ut Fylkesprisen Årets Bedrift. Prisen skal gå til ei bedrift i Møre og Romsdal som har utmerka seg på ein eller fleire måtar. Formålet med prisen er å motivere og inspirere næringslivet i fylket til innsats for samfunnet.

Går eigne vegar

Slettvoll Møbler er ein av landets største og viktigaste møbel- og interiørkjeder. Hovudkontor og fabrikk ligg på Stranda og dei 19 butikkane er spreidd utover Noreg og Sverige.

- Slettvoll satsar på design og på eigne studio. Dei har produksjonen heime i Stranda og har lukkast med kostbare kvalitetsprodukt i ein marknad med sterk konkurranse frå lågpriskjedene, seier leiar av regional- og næringsutvalet Runar Vestheim.

Hard konkurranse

Det er hard konkurranse om Fylkesprisen Årets bedrift. I år kom inn i alt 37 forslag fordelt på 31 bedrifter. Prisen blir delt ut på fylkestinget i april.

Tidlegare vinnarar av Fylkesprisen Årets Bedrift

2014: Ulmatec Pyro AS, Haram kommune

2013: Rindalslist AS, Rindal kommune

2012: Kleven Maritime AS, Ulstein kommune

2011: Arvid Gjerde AS, Rauma kommune

2010: Gjøco AS, Gjemnes kommune

2009: Saferoad AS, Ørsta kommune

2008: Odim AS, Hareid kommune

2007: Brunvoll AS, Molde kommune

2006: Haugen Bok AS, Volda kommune

2005: GC Rieber Oils AS, Kristiansund kommune

2004: Hydro Aluminium Sunndal AS, Sunndal kommune

2003: Hustad Marmor AS, Fræna kommune

2002: Berg Jacobsen Gruppen AS, Molde kommune

2001: I.P. Huse AS, Sandøy kommune