Lærlingane med restaurantkupp

Dei unge tok ansvar frå A til Å på «Lærlingeaften».

Ingrid Oterhals serverer Tove Jegthaug, Per Olav Solem og Jens Nagell.  Foto: Erik Birkeland

Nyheter

Fredag kveld ønska kokke- og serveringslærlingar velkommen til «Lærlingeaften» på Fjordstuene.

Konseptet inneber at lærlingane har ansvaret for alt til denne kvelden; planlegging, førebuingar, kokkelering og servering.

Planlagt

Jeanett Eide, Sheila Myrbostad Jamo Isakhan, Marcus Norbakken og Ingrid Oterhals er alle lærlingar ved Fjordstuene, og har i lang tid hatt denne spesielle kvelden i fokus.

Førebuingane starta for fleire veker sidan, med planlegging av meny, invitasjonar, og tanke på alle praktiske detaljar som må på plass i tillegg til sjølve matlaginga.

Hektisk

Gårsdagen var travel med jobbing fram mot måltidet, men med god stemning da Romsdals Budstikke var innom på ettermiddagen.

Lærlingane jobba ivrig og konsentrert, og læremeister og kjøkensjef Jan Roger Blø var roleg for at dette skulle gå veldig fint.

– Dei har gjort mange gode val, og også fått nokre tips undervegs, Så dette blir bra, spådde Blø. Som gleda seg til å sitte ved bordet som gjest.

Ordna

Lærlingane var på det tidspunktet i gang med karamellsjokoladetopping til sjokoladedraum-kake, dei baka brød og fileterte fisk, ordna løk i rødbetlake, og ordna langbord dekka til fest med kvite dukar.

Om lag 25 gjester var venta til «full pakke», med kanapear og spesialkomponert velkomstdrikk, og ein smaksrik kveld med femrettars middag.

På menyen: Blåskjelsuppe med fritert bacon, ballotine av hyse og sei fylt med spinat og laks med sylta rotgrønnsaker og gulrotkrem med vanilje.

Etter ein liten kvilerett kom hovudretten bakt skrei med gratinert sjøkreps, syrleg løk, selleri, ertepure og kvitløksskum. Måltidet vart avslutta med Sjokoladedrøm med skogsbær og sitronsorbé.

Sjømat

 – Temaet er sjømat, og så har plukka råvarer ut frå sesong, forklarer servitørlærling Marcus Norbakken.

Han kjem frå Kongsberg, men ville bli lærling i Molde etter at han var på fotballtur her i 2008.

– Det er så fine fjell her, eg ville tilbake, seier han.

– Og veldig artig at vi får til dette, veldig spennande, sa han.

Balansert

Også kokkelærlingane Jeanett Eide og Sheila Myrbostad var optimistiske der dei jobba med å legge topping på sjokoladedraum- desserten.

– Menyen har mykje fisk, som er magert – da er det fint med ein feit dessert. Vi balanserer det søte med frisk skogsbærsorbé, forklarte Jeanette Eide.

Rekrutterer

 – Vi er glad for å ha så mange dyktige lærlingar, og opptekne av å satse på rekruttering, kommenterer Blø.

Dei fleste av lærlingane som no er i aksjon, er ferdige med sine to år i lære til sommaren.

Før dei gjer unna fagbrevet, skal dei i juni arrangere ny lærlingeaften.

– Arrangement som dette er lærerike opplegg, som er bra for lærlingane å ha med seg når dei skal opp til prøve og i gang for alvor på eiga hand. det handlar om planlegging og ansvar, poengterer Blø.

Og sjekka lærlinganes køyreplan – så langt heilt i rute.