Det meiner ordførar Bernhard Riksfjord (Ap) i Aukra. Det er møter i Norskehavsrådet og med Olje- og energidepartementet (OED) sist veke som får han til å tru på store moglegheiter på kort og lang sikt.

– Eg føler at Nyhamna står veldig sterkt og antakeleg mykje sterkare som «gassknutepunkt» enn nokon gong. Det ligg til rette for at vi i mange, mange tiår framover vil ha ein svært sentral posisjon i all ilandføring og gassmarknaden.

Nye felt

Riksfjord trur Aasta Hansteen og Polarled vil vise veg og moglegheiter for ilandføring frå andre felt. Dette er «motorvegen» til Nyhamna. Zidane er snart «gryteklar». Deretter kan det stå fem-seks andre klar til utvinning. Og nye titals millionar kjem inn i eigedomsinntekter.

– Summert opp slik eg ser det, fekk vi i ein god dialog og avklart mange noverande og framtidige drifts- og industrimoglegheit for vår region. Derfor er eg veldig optimistisk på Aukras og regionen sine vegne, seier Riksfjord.

Stor bredde

– Vi fekk ei grundig innføring av OED. Her er det grunn til optimisme både på kort og lang sikt. Utbygging over mange år og med gassførekomstar i kanskje 60–70 år.

Han var saman med fylkesordførar Jon Aasen, rådgjevar Lina Jonasson frå Møre og Romsdal fylket og oljerådgjevar Helge Hegerberg frå Kristiansund kommune i møte med administrative og ansvarlege fagpersonar for avdelingane som har med utbygging, drift og leiting å gjere. Kraftsituasjonen var også tema.

Positivt

I ei tung periode for oljeindustrien med mykje negativt fokus, synest Aukra-ordføraren at det i ein slik samanheng er positivt å få så positive signal.

– Samtidig håper og trur eg at kompresjonsanlegget også kjem på plass, ein «storklump» til milliardbeløp. Dette er ein installasjon som skal gje økt utvinning frå felta, men vart skrinlagt for snart to år sidan.

Står saman

– Vi skal i nye møter med aktørar som Shell og andre. Det er viktig å signalisere vårt ønske og ikkje minst peike på fakta om at Nyhamna er og blir eit framtidas gassknutepunkt.

– Nye framtidige gassfelt inn til Nyhamna må kome når det vert aktuelt. Men Polarled si store betyding er tydeleg. Vi må få fram kor viktig det er med lokalt og regionalt nærvær for alle aktørar som skal drifte og utvikle Nyhamna – no og i framtida. Det føler eg både fylkesordførar Jon Aasen og heile regionen er med på, seier Aukra-ordføraren.