Molde brannvesen rykker ved 13-tida tysdag ut med restverdiredningsbil til Tingvoll.

- Vi rykker ut etter ein pipebrann i Tingvoll, for å berge verdiar etter brannen, opplyser Vegard Romuld ved Molde brannvesen.

Restverdiredningsbilen i Molde er ifølgje Romuld den einaste i sitt slag mellom Ålesund og Trondheim, så dermed dekker Molde brannvesen også store delar av nordfylket på dette feltet.

- Det er viktig å komme raskt til etter ein brann, for eksempel for å unngå vannskade. Derfor køyrer vi med blålys også på restverdiredningsbilen, seier Romuld.