Dette er essensen i den delen av framlegget til ny arealplan for Molde 2015-2025 som handlar om Moldemarka. Det inneber ei vidareføring av tidlegare plan for marka.

Moldemarka er også poengtert som svært synleg, og at den utgjer «veggen» bak og ovanfor byen.

Positive

– Responsen i høyringsrunden tyder på at vern av marka er eit grep mange set pris på, seier saksbehandlar Hallvard Vevang Straume, overarkitekt ved Seksjon arealplan og landbruk i Molde kommune.

Identitet

Moldemarka er i planframlegget skildra som eit svært viktig område for Molde, og som eit satsingsområde.

– Tilgang på turområde er eitt av Moldes varemerke, med bynære Moldemarka som det største, heiter det i beskrivelsen. Det vert også vektlagt at marka skal utviklast som ein sentral del av byens og befolkningas identitet, både for nolevande og kommande generasjonar.

– Innspel gjennom heile prosessen viser at tilgang til grøntområde og marka er veldig viktig, og eit gode det er vesentleg for byen å ta vare på. Med tilrettelegginga dei siste 10–15 åra, er marka også blitt betydeleg for folkehelsa, seier Vevang Straume

Utbyggingsvern

Bevaring av marka betyr også å beskytte den mot utbyggingspress.

– Nokre grunneigarar protesterer mot dette, men elles ser det ut for at dette vert verdsett. Det er også slik at den markagrensa som finst, framstår som ei gjennomtenkt og klok grense, sett i høve til terrenget, poengterer Vevang Straume.

– Kva med skogsdrift og tømmerhogst?

– Det er foreslått opna for hogst lengst i vest, ved Kringstadsetra, og elles gruppehogst. Dette gjeld altså ikkje flathogst, men hogst på mindre område, slik at det ikkje framstår skjemmande sett frå byen, seier Vevang Straume.

Tømmervegen som er under bygging vestover frå Kringsjå er vedteken tidlegare, og høyrer ikkje inn under dette planarbeidet.

Over nyttår

Uttalar i høyringsprosessen vert no gjennomgått og teke stilling til.

– Det tek ein del tid, så det blir truleg over nyttår før vi er gjennom alt og kan legge fram saka, seier Vevang Straume.