Asylmottaket på Åslia utvidar, og skal få 200 tilgjengelege plassar. Mottaket vil leige fleire hus, hyblar og leilegheiter i Vestnes for å styrke kapasiteten.

Den nye avtalen med mellom Link asylmottak avdeling Vestnes og UDI vart underteikna for få dagar sidan. Den inneber ei vidareføring av mottaket som i dag har 145 plassar, samt utviding med

25 plassar, pluss 30 opsjonsplassar, opplyser dagleg leiar i Link, Hallstein Saunes.

Stort behov

Opsjonsplassane er plassar som mottaka skal ha «i bakhand», og som skal kunne vere operative i løpet av ein månad.

– Ny avtale gjeld frå midt i februar, men med dagens situasjon der det er stort behov for plassar er det ønskjeleg med flest muleg operative plassar. Så i praksis betyr det at vi jobbar for å ha 200 plassar tilgjengeleg i Vestnes så snart råd er, opplyser Saunes.

Må leige

Links mottak på Vestnes har hovudanlegg på Åslia med plass til 100 personar. Resten av plassane er desentralisert, med husvære altså andre stader. Denne typen bustader må det finnast fleire av, for å dekke opp auken det er inngått avtale om.

– Kor finst dei nye plassane?

– Vi må ut og finne dei. Vi er i dialog med Vestnes kommune, elles er det snakk om innleige av hus, leilegheiter, hyblar – alle typar bustader er av interesse, men det må vere i Vestnes kommune, seier Saunes.

Han viser til at dei som kjem er ulikt situerte, det er einslege menn, einslege kvinner, kvinner med barn og familiar med barn.

– Dermed treng vi også eit variert utval av bustader, seier Saunes.

– Korleis skal de finne desse plassane?

– Vi averterer, og vi bruker nettverk. Vi er i gang, seier Saunes.

Privat og kommunalt

Link driv 13 mottak, fire av dei i Møre og Romsdal. I tillegg til avdelinga på Vestnes, driv firmaet også i Volda, i Ulstein og Hareid. I Ålesund og Kristiansund driv firmaet Hero mottak, medan Sunndal og Tingvoll er kommunalt drivne.

I siste runde for etablering av nye asylmottaksplassar kom det til plassar og opsjonsplassar i Vestnes, Sunndal, Ålesund og Kristiansund, samt opsjonsplassar i Kristiansund, Vestnes og Ålesund.

Så mange mottaksplassar har fylket i dag - og så mange kjem i tillegg (klikk for å sjå).

Tek inn fleire: Links asylmottak på Åslia har inngått avtale med UDI om å tilby fleire plassar. Bildet er teke tidlegare. Foto: OLAV SKJEGSTAD