– Alt gikk heilt fint og etter planen, seier primus motor Per Vike.

Han kunne måndag ettermiddag letta slå fast at det gamle skulehuset på Indre Vike tålte både kranløft, om lag ein kilometer flytting på lasteplan, og nedsetting på ny tuft ved Vike friskule.

Hus frå 1862

Involvert i spesialtransporten var kran frå Ålesund og spesialtransport frå Stordal, samt lokale bygningskrefter som tok hand om flyttinga av det gamle huset frå 1862. Flyttevekt: 14 tonn.

– Det var viktig å få gjort unna flyttinga no, før det vert sett opp autovern på veganlegget i Vikebukt – det ville gjort passering med den spesielle lasta umuleg, forklarer Vike.

Ein ivrig dugnadsgjeng har jobba med planar for å gjere skulehuset til museum, og med flyttinga.

Vestnes kommune har også medverka til prosjektet, med løyving på 220.000 kroner.

– Heilt intakt

Etter flyttinga startar eit nytt kapittel for huset frå 1862, som først var skule på Indre Vike, så vart bedehus same plass, og no skal bli skulemuseum ved Vike friskule.

– Skulehuset på 6 gonger 8 meter er innvendig heilt intakt slik det var i 1862, og to av ytterveggane er også i orginalstand, opplyser Vike.

Før flyttinga vart huset tømt, golvet teke ut, og takstein teke av – no gjenstår restaurering av huset.

– Det vil nok ta eit års tid før alt er i orden, men så blir det eit museum som både den lokale skulen, andre skular i kommunen og kanskje andre også kan ha glede og nytte av, seier Vike.