LESERINNLEGG

Eigedomsskatt – standpunkt og meiningar

Bernhard Riksfjord: - Orten hadde ei mykje betre forståing av saka i 2013 enn i 2015.

Ordfører i Aukra, Bernhard Riksfjord   Foto: Bjørn Brunvoll (arkivfoto)

Leserinnlegg

Med dette innlegget er polemikken med Helge Orten om eventuelle skifte av standpunkt no avslutta for mitt vedkomande. Helge Orten er til vanleg ein positiv og engasjert stortingsrepresentant, men når Orten saman med ein del lokale og sentrale politikarar lojalt stiller opp og støtter regjeringa sin endringspolitikk på dette området, er det eit politisk ønska standpunkt. Som etter mi meining ikkje vil gagne vår gode norske samfunns- og velferdsmodell.


LESERINNLEGG

Eigedomsskatt på verk og bruk

Bernhard Riksfjord: – Eg er overraska over den intense toppmotiverte iveren frå regjeringa i denne saka.



LESERINNLEGG

- Jeg har ikke skiftet standpunkt

Helge Orten svarer Bernhard Riksfjord

 

Det er ei kjensgjerning at over 300 kommunar og deira innbyggarar alle vil verte hardt råka med bortfallet av desse, etter vårt syn, rettmessige inntektene. Eg er totalt ueinig i regjeringa sitt ønske på dette området. Den debatten og våre påpeikingar og forslag, vil eg og dei mange politikarar og andre vere klare til å delta i.

Les flere meninger her!

Min ueinighet med Helge Orten, og hans eventuelle skifte av standpunkt i saka om eigedomsskatt, vert avvist av han i Romsdals Budstikke 7. juli. Derfor viser eg til Orten sine eigne fråsegn til Romsdals Budstikke som ny stortingsrepresentant i 2013, og det han uttala og gav til kjenne der:

  1. «Stortingsrepresentant Helge Orten avviser overfor Romsdals Budstikke at det er klart at regjeringa vil frata Aukra mesteparten av eigedomsskatten».
  2. «Helge Orten forsvarar prinsippet om gass-skatt og mener det er høyst uklart om den er i fare».
  3. «Det vil være synd om denne eiendomsskatten forsvinner eller reduserest sterkt».
  4. «Dette er en skatt som tilfaller samfunnet der kor anlegga er lokalisert».
  5. «Det vil være synd for regionen om vi går glipp av disse inntektene».

Desse eksempla, og det er fleire, viser etter mitt syn at Orten hadde ei anna og mykje betre tilnærming og forståing til saka i 2013 enn i 2015.

Eg aksepterar sjølvsagt at Orten og Høgre framhevar kor fortreffeleg denne fjerninga av den kommunale sjølvråderetten vil verte for innbyggarane og dei om lag 343 kommunane som blir råka, dersom dette ønsket får fleirtal i stortinget. Og det fleirtalet bør og skal regjeringa etter min meining ikkje få for å gjennomføre sitt store ønske på dette området.