LESERINNLEGG

Eigedomsskatt på verk og bruk

Bernhard Riksfjord: – Eg er overraska over den intense toppmotiverte iveren frå regjeringa i denne saka.

Ordfører Bernhard Riksfjord.  Foto: Olav Skjegstad (arkivfoto)

Leserinnlegg

Eg og mange med meg blei svært overraska og forundra over den intense, toppmotiverte iveren og den sterke viljen som er ønska av regjeringa i denne saka. Dette kjem til syne i høyringsdokumentet. Når eg skriver «mange med meg», er det på bakgrunn av at viss dette regjeringsønsket skulle få fleirtal i Stortinget, vil det ramme omlag 343 kommunar i Noreg. Med dei store konsekvensane i den einskilde kommune det vil medføre.

Les flere meninger her!

I forslaget (i departementet sitt skriv) vert det framsett svært mange feilaktige påstandar. Eg antar at mange av desse «feilaktige framstillingane» har blitt beskrevet og framstilt med «god» hjelp frå NHO og deira medspelarar i enkelte bransjar. Substansen, sanninga eller påstandane i dette høyringsdokumentet vert ikkje betre for det.

Eg vart som mange undrande til mykje av det som til no har kommet fram i denne saka. Regjeringa velger å sende ut høyringsnotatet 18.06-15. Dette er samstundes som Stortinget tar sommarferie, dei fleste kommunane er ferdig med sine kommunestyremøter, og høyringsfristen er satt til fire dagar etter valet. Er eg undrande, men vil ikkje spekulere i motiva.

I «ordførarbrev» til lokalkandidatar frå regjeringspartia vert det mulige fråfallet av eiendomsbeskatning beskrevet som ein nødvendighet og til stor hjelp for næringa og kommunane. Mange medlemmar i finanskomiteen på Stortinget, deriblant leiaren, var ikkje informert eller klar over denne høyringsutsendinga frå Finansdepartementet. Etter mitt og svært mange andre sitt syn, viser dette ei uheldig, uvanleg og til dels dårleg saksbehandling.

Det vi snakkar om i denne saka, og som regjeringa med god hjelp og stor applaus frå NHO gjentar og gjentar: Norske demokratiske kommunestyrer greier ikkje å avgjere om dei kan velje å innføre eigedomsskatt eller la være. Denne lokal demokratiske retten og avgjersla vert beskrevet som noko av det verste som finnes av byrder og ulemper i vår velferdsstat. Det er ein skivebom, og ein total mangel på samfunnsnyttig forståing om kva vi i kommunane brukar eigedomsinntektene til. Eg er heilt overbevist og sikker på at desse inntektene som for eksempel Fræna, Smøla, Sunndal og Aukra kommuner får inn vert brukt til gode velferdstenester og framtidsretta investeringar til det beste for alle innbyggarane i kommunen og regionane.

Eg vil og påpeike den «samfunnskontrakten» som alle la til grunn då vi ønska Ormen Lange velkommen. Det var stor einighet om gjeldande rettigheiter og plikter då regjering, Stortinget, fylkestinget, kommunestyret og partnarskapet ønska ilandføringsanlegget til Aukra velkommen. Det har vore bra for oss alle, og kjem fortsatt til å kunne verte det. Men då kan vi ikkje ha ei regjering som med eit pennestrøk og lettvinte framstillingar ønsker å endre spelereglane som er lagt til grunn.

Det fins omtrent ikkje nokon gode argument for å endre spelereglane – som av svært mange opplevast som gode. Er eg er overbevist om at ein ser det på same måten I Odda, Sauda, Årdal, Sunndal, Smøla og i dei uttallige andre industrikommunar eller likesinna kommunane, som vil verte kraftig råka økonomisk dersom dette forslaget får gjennomslag. Og eg ser derfor ingen grunn til at dette uttrykte ønsket til regjeringa skal imøtekommast.

Når min gode «venn» stortingsrepresentant Helge Orten no står fram i RB og meinar sterkt at endring på dette området MÅ til, vert eg overraska og forundra. Men eg reknar med at denne forandringa antagleg har kome etter dei nærare to åra på stortinget med mulig einsidig påverknad frå sentraliserte politikere. Helge Orten uttalar at samfunnet må byggast nedanfrå – det er eg heilt einig i. Det er i kommunane folket bur. Når Helge Orten tidlegare har uttala ganske bastant at det ikkje vil verte lagt opp til å frata kommunane denne eigedomsskatten, kan både han og andre finne ut kor mange grader Helge Orten, og eventuelt andre i Høgre, har snudd i denne saka.

Som ordførar vil eg, med god støtte og oppbakking frå kommunestyret, jobbe målretta saman med samarbeidsorgana som vi har etablert. Vi vil arbeide for at lokaldemokratiet i kommunane fortsatt skal kunne bestemme og eventuelt gjere sine vedtak om innføring og sats på kommunal eigedomsskatt. Denne retten gjennomfører kommunane allereie på dei aller fleste andre kommunale betalingsområder. Anten det gjelder tomtekostnad, barnehagesats, vassavgift, renovasjonsavgift parkeringsavgift med meir. Og forskjellane veit eg er stor på desse områda. Utan at verken innbyggarane eller næringslivet krev at dette må sentraliserast, likestillast eller avskaffast.

Les flere meninger her!

Alt dette vil lokaldemokratiet i kommunane fortsatt kunne ta hand om på ein god måte. Sjølv om målet til eit parti er 100 kommunar i Noreg, vil vel også dei eventuelle 100 ønska kommunane fortsatt kunne behandle dette?