Leserinnlegg

- Opprør først no?

Kvifor ikkje då helseminister Bent Høie kom med bestillinga av eit sterkt og robust fellessjukehus? spør Anne Rygg Lindseth, jordmor ved Molde sjukehus.
Leserinnlegg

De som vil utsetje tomtevalet ønskjer eit lite sjukehus, ikkje sant? De vil at sjukehustenestene i Nordmøre og Romsdal skal byggast ned. Det har vore god tid til å fronte dette synet. Men de har vore stille. Har Nordmøre og Sunnmøre kjent seg trygge på at direktøren vår ville gje si innstilling på tvers av mandatet?

Eit vanskeleg oppdrag? Tja. To handfaste sjukehusmiljø skal fusjonerast til eit sjukehus som ”vil få eit sterkare og breiare fagmiljø enn dagens to sjukehus.”(sitat frå foldar utsendt frå HMR til innbyggjarane).

Det er klart at det har vore ein omfattande prosess å kome fram til dette: Det er omtrent hipp-som-happ om sjukehuset blir lagt nærmast der 29 prosent eller 71 prosent av legane jobbar. Nærmast 37,5 eller 62,5 prosent av alle tilsette. Strategi 2020, høyringssvar frå Helse Sør/Øst: ”Helsesektoren utgjør landets fremste kunnskapsbedrifter. Måten de menneskelige ressursene forvaltes på, videreutvikles og anvendes er nøkkelen til å realisere de langsiktige målsettinger og utfordringer som helsetjenesten står overfor. Knapphet på personalressurser må møtes på en god måte.”

Sjukehusmiljøa i Kristiansund og Molde har i fleire år samarbeidd. No skal vi samlast i eit felles sjukehus. Krigsretorikk frå Nordmøre er dessverre ikkje nytt. Men eg undrar meg over at dette igjen blir valt som strategi. Er alle våre dyktige kollegaer i Kristiansund glade for dette? Fogderistrid. Er det media eller folkeviljen som held liv i slikt? Sunnmørsposten tordnar: ”Høies tunge skygge hviler over kaoset.” Skulle nesten trudd at rollene var omsnudd. Eidsvik helseminister og Høie ein ulydig gut. Er det verkeleg uakseptabelt at øverste leiar i Helse–Norge ønskjer at bestillinga skal følgjast? Helse Midt mottok oppdraget og skal gjere det endelege vedtaket. Er det verkeleg utidig innblanding å sjå etter om innstillinga blir i samsvar med mandatet?

Snart får vi vite om helsestyra viser (manglande) respekt for landets helseminister. Han tenkjer på kva som er best for innbyggjarane i Nordmøre og Romsdal. Og tru det eller ei: Tilsette ved Molde sjukehus gjer også det.

LES ALT OM SJUKEHUSSAKA HER.