LESERINNLEGG

Bajaseri?

Kommunestyrerepresentant: Bjørn Jacobsen (SV).  Foto: Kjell Langmyren

Leserinnlegg

Ordførar Torgeir Dahl gjer ikkje jobben sin som møteleiar i kommunestyret særleg godt. Sist kommunestyremøte var Helse og Omsorgsplanen den viktigaste saken. Ordføraren uttaler til Budstikka at møtet var prega av bajaseri.

Normalt legg ein opp ein slik debatt slik at kvart parti får 5 minutt hovudinnlegg og gjerne med replikkordskifte. Dette krev sjølvsagt at ordføraren har rekna ut tidsbruken godt på førehand. Men nei. Kommunestyremøtet blei som vanleg når Torgeir Dahl leiar det; eit møte med tidspress og dårleg stemning.

Så dårleg at neste kommunestyremøte vil starte på det same dårlege viset når vi skal sette møtet og godkjenne protokollen frå sist møte. Ordføraren tvang SV til å stemme imot Helse og omsorgsplanen og nekta å stemme punktvis over SV sine forslag. Tvangen ligg i at ordføraren sette SV sine forslag opp mot Helse og omsorgsplanen.

Ein klar provokasjon når han veit at SV har stemt for planen i tre hovudutval, samt fremma sine forslag ein månad før kommunestyremøtet slik at ordføraren burde ha fått dei med seg. Riktig nok var SV sine forslag satt opp mot innstillinga i Formannskapet, men i kommunestyret foreslo vi våre forslag som tillegg til innstillinga.

Av protokollen går det no fram at SV har stemt mot Helse og omsorgsplanen. Noko det er heilt klart at vi ikkje vil. Vi vil stemme for, og vi fremma i tillegg seks forslag som vil gjere planen betre.

Når ein så røynd ordførar som Torgeir Dahl gjer slikt er det ikkje bajaseri. Då er det å hindre meiningar å komme fram på rett vis. Eg protesterte, og bad og om punktvis avstemming på våre seks forslag, då vi hadde fått signal frå andre parti at dei ville støtte enkeltpunkt.

Her er SV sine forslag, slik dei vart fremma, meint som tillegg til planen:

1. Helse og omsorgsplanen må i større grad samkøyre dei ulike fagplanane opp mot de behova som finns og sørge for at Tildelingskontoret, Molde Eiendom og NAV involveres på rett måte og til rett tid.

2. Det er viktig at de mest sårbare får sine behov synleggjort slik at Helseplanen løftar disse behova fram til mulig politisk prioritering. Når det rapporterast i økonomirapporten må desse behova settes opp mot eventuelt under eller overforbruk samt kvalitet på tenestene. Helseplanen bør i større grad innholde vurderinger i forhold til kvalitet på tenestene og trivsel for de tilsette. Det er stor samanheng mellom trivsel, antall stillingar og sjukefråvær.

3. Helseplanen kan på denne måten legge føringer til kor ein bør sette inn ressursane slik at ein ikkje sparar seg til dårleg kvalitet på tenestene og høgt sjukefråvær.

4. Nedlegging av plassar i distrikta er ikkje ønskeleg og Molde Eiendom får i oppdrag å finne gode lokale løysinger på vedlikehaldsbehov.

5. Kvardagsrehabiliteringa må gjøres enda bedre slik at «Lengst muleg i eigen bolig» strategien kan halde fram. Samhandligsreformen sin ide om spesialisthelsetenesta som pådrivar i rehabiliteringsarbeidet i kommunane må få større plass og konkretisering i planen.

6. Likeins bør plana vise fram behovet som Molde kommune har for statlege midler gjennom Samhandlingsreformen slik at ein kan oppnå rett behandling til rett tid på rett stad.

I debatten fekk vi kritikk for at vi kopla Vistdal bufellesskap til planen. For det er eiga sak og ikkje lov til å snakke om? Det politisk interessante i Molde no er om Senterpartiet vil støtte Høgre i å legge ned bufellesskapet?

Så spørst det om vi er klar til å gå inn i Helse og omsorgssektoren og ta dei nødvendige grepa som gjer at de tilsette trivst, og at kvaliteten og mengda på tenestene er gode nok for behovet.

Eg skal innrømme at eg ikkje alltid er så grei som eg burde vere i kommunestyret. Torgeir Dahl har vist seg som ein god ordførar for kommunen i mange viktige saker. I saker der det er ulike meiningar, er han ikkje like god å ha med å gjere, og brukar alle triksa i boka til sin fordel.

Å leie i Helse og omsorg, politisk eller administrativt, betyr å samkøyre alle som skal gjere sitt til at dei med omsorgsbehov får det bra. Det var meininga med SV sine forslag. Då treng vi ein ordførar som speler på lag.

Bjørn Jacobsen, kommunestyrerepresentant SV

--------------------------------------------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts nye meningsportal