LESERINNLEGG

Aksesirkus

Leserinnlegg

Berre dei siste vekene har vi lese det ein utspelet meir kunnskapslaust enn det andre i aksekampen. Valkampen har gjort dette viktige spørsmålet om å byggje saman begge sider av Romsdalsfjorden, inklusiv øysamfunna i Aukra og Midsund, til ein rein parodi. Dette er ei alt for viktig sak til at den kan ofrast i eit slikt uverdig spel som vi har vore vitne til i valkampen.

Ein ting har denne valkampen avklart. Noko Romsdalsakse blir det ikkje. Dei politiske partia som har tatt til orde for ei slik løysing, har uttalt at dei vil gå inn for å utgreie Romsdalsaksen, men utgreiingar blir det ikkje veg av.

Det er laga nok utgreiingar på dette alternativet til at vi i stort veit kva det betyr. Mellom anna vil dette alternativet gjere vegen mellom Ålesund og Molde sentrum 17 kilometer lenger, enn den vil bli etter Møreaksen. Etter det vi veit i dag vil det vere dyrare, og i rapporten frå Statens vegvesen frå 6. desember 2019 er Romsdalsaksen på 90 km/t-alternativet 6 milliardar kroner dyrare enn Møreaksen.

Dei som kjempar mot Møreaksen, vil også vere mot Romsdalsaksen. Sylvi Listhaug grunngjev motstanden mot Møreaksen med at den «koster uhorvelig mye penger.» Då blir det som å tru på julenissen at dei seinare skal gå inn for å byggje Romsdalsaksen, som er endå dyrare. Når MDG og SV seier at dei vil utgreie Romsdalsaksen, men i same andedrag legg til at dei er i mot nye motorvegar som aukar trafikken, då vil dei ikkje noko anna enn å lage nye utgreiingar.

Dei same politikarane fastslår at Møreaksen kostar 24 milliardar kroner, og at det er viktigare å bygge ut vegane mellom ferjene, enn å erstatte ferjestrekningane med faste vegsamband. Det er ikkje fjordkryssinga som kostar 24 milliardar. Fjordkryssinga kostar ein stad mellom 13 og 14 milliardar. Dei 10-11 resterande milliardane er til å betre vegstandarden på landsida på begge sider av fjorden. Ca. 6 milliardar av dette er på sunnmørssida av Ørskogfjellet.

Det er derfor ikkje riktig å setje fjordkryssing opp mot strekningane mellom ferjene. Prosjektet omfattar begge delar. Vi som er daglege brukarar av ferjer veit kor mykje tid det tar å krysse ein fjord med ferje. Det viktigaste framsteget kommunikasjonsmessig vil derfor vere å få fast samband over fjordane. Ein døgnopen veg som kan køyrast når det passar. Det er eit framsteg ingen kan sjå nytta av før det er der. I Møre og Romsdal har vi etterkvart god erfaring med dette, og det finst ikkje eitt døme på at brukarane ynskjer ferjene tilbake.

Møreaksen utløyser samtidig fastlandssamband for nærare 4500 innbyggjarar på øyene i Aukra og Midsund, og endå to ferjesamband med stor trafikk blir avløyste. Legg ein saman ferjetrafikken til Midsund og Aukra svarar det til meir enn 50 % av trafikken over Moldefjorden. Korleis skal Romsdalsaksen kunne hamle opp med samfunnsnytten av dette. Til og med innfartsvegen frå aust inn til Molde, frå Årø til Fuglset, blir av motstandarane trekt fram som eit problem skapt av Møreaksen. Dei ser vekk frå at E39 også går der i dag, og at ferjetrafikken skaper ei ujamn trafikkavvikling. Problema på innfartsvegen frå aust må løysast uavhengig av bygginga av Møreaksen.

Fylkesutvalet har no kravd ny utgreiing, der tunell under Veøya skal vere ein del av avgjerdsgrunnlaget. Ein representant nytta høvet til å henge ut Statens vegvesen, skulde dei for å trikse med tal og har trua med gransking. Vi har følgt Statens vegvesen sitt arbeid med dette prosjektet gjennom det siste tiåret, og er både imponert over fagkunnskapen og måten prosjektet så langt er gjennomført på. Det er urimeleg at Statens vegvesen no vert kritisert for ikkje å ha utgreidd ei undersjøisk løysing på Romsdalsaksen. Me er overtydd om at dersom Statens vegvesen i rapporten frå 2019 la fram eit undersjøisk alternativ for Romsdalsaksen, ville dei møtt massiv kritikk.

Dette alternativet har heilt fram til den siste veka hatt som sitt mantra å vere «panoramaveien over Romsdalsfjorden». Dessutan har Statens Vegvesen eit klart atterhald i utgreiinga frå 2019, om at dei ikkje hadde tunellalternativet med for Romsdalsaksen. Sjølv om dette gjaldt tunellalternativet frå Sekken til Årø, som i konseptvalgutgreiinga hadde klart større nytte enn traseen om Veøya, går det klart fram av rapporten frå 2019 at tunell på Romsdalsaksen ikkje har vore utgreidd. At politikarane då ventar i nesten to år, før dei meiner at undersjøisk tunell på Romsdalsaksen likevel må utgreiast, er nok eit døme på at dette er blitt sirkus og ikkje ein faktabasert debatt.

Møreaksen kjem i vurderinga frå 2019 ut som beste alternativ på dei fleste faktorar, men ikkje for Co2- utslepp. RA, med bruer, hadde noko lågare utslepp, men også for den aksen var verdiane høge. Når bruer blir erstatta med tunneldriving (anten ca. 9 km under Veøya eller 14 – 15 km til Årø), vil denne forskjellen truleg bli kraftig redusert. Dessutan er SVV pålagt å redusere utslepp frå byggjefasen med 40%, noko dei jobbar med no. Desse reduksjonane var ikkje med i 2019-tala. På same måte som prosjektet elles har gjort store forbetringar i måten det skal gjennomførast på, er me sikre på at det vil vere tilfellet også her.

Trafikken, som først skal setjast på sambandet om ti år, vil i all hovudsak vere elektrisk. Det er eit tankekors at motstandarane av Møreaksen i fleire år har snakka om «utsleppsfrie» ferjer, lenge før dei er sett i drift. Det å snakke om at bilparken vil vere utsleppsfri om ti år, er det ikkje rom for.

Slik vi ser det er det eit politisk bedrag å lokke, dei som går til valurnene, med Romsdalsaksen. Å støtte denne politikken betyr framleis ferjer. Vi har full respekt for dei som meiner framtidig ferjedrift er den beste løysinga, men å bløffe folk med at Romsdalsaksen er ei aktuell løysing burde ansvarlege politikarar halde seg for gode til.

Det er godt at dette sirkuset av ein valkamp no er over, og at Statens Vegvesen kan halde fram med sitt gode arbeid, å byggje saman Møre og Romsdal gjennom Møreaksen.

Frits Inge Godø, Magne Reiten

--------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts nye meningsportal