LESERINNLEGG

Historisk vegsatsing gir ringverknader

– Store forventningar om lokal verdiskaping og leveransar i byggefasen!
Leserinnlegg

NHO Møre og Romsdal, Romsdal Interkommunalt politisk råd (tidlegare Romsdal regionråd) og Sunnmøre regionråd (SR) gjekk vinteren 2020 saman om eit felles innspel til prioriterte samferdselsprosjekt i samband med rulleringa av Nasjonal transportplan (NTP) 2022-2033.

Utbetring av eksportvegen E136 Vestnes-Bjorli og E39 Ålesund-Molde med ferjefri fjordkryssing var heilt på topp på prioriteringslista i første periode av NTP (2022-2027). No er begge prosjekta klare for snarleg igangsetting utan at dei kjem i konkurranse med kvarandre.

I tillegg er prioriteringa av Rv15 Stryn-Otta med arm til Geiranger viktig for næringslivet på søre Sunnmøre.

Å få E136 i Romsdalen, E39 Ålesund-Molde og Rv15 Stryn-Otta på prioritert plass i NTP er eit kjempeløft for bedriftene og befolkninga i Møre og Romsdal.

Desse vegprosjekta er svært viktig for eksport- og verdiskapingsfylket Møre og Romsdal. No riggar vi regionen godt for framtidas utfordringar. Samtidig har vi store forventningar til at desse prosjekta fører til stor lokal verdiskaping og i sjølve byggeperioden,

Få dagar etter at Stortinget vedtok Nasjonal Transportplan for perioden 2022 til 2033, gjennomførte Statens vegvesen det første leverandørmøtet for E39 Ålesund-Molde. Her deltok eit 70-tals tilhøyrarar frå entreprenørar, rådgjevingsfirma og underleverandørar.

Som for andre store utbyggingsprosjekt i fylket, er NHO, ROR og SR opptekne av at det vert valt ein kontraktsstrategi som stimulerer til lokal verdiskaping. Vi er glade for at SVV har foreslått ein kontraktsstrategi gjer det mogleg for lokale verksemder å få direkte kontrakt med byggherre, og ikkje berre gjennom kontraktar med store hovudentreprenørar.

Vi vil arbeide for at effekten av den lokale verdiskapinga vert dokumentert, både i byggeperioden og når prosjekta er ferdige.

Espen Remme, regiondirektør NHO Møre og Romsdal

Jan Kåre Aurdal, dagleg leiar Sunnmøre Regionråd

Alf Reistad, dagleg leiar Romsdal IPR

--------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts nye meningsportal