Akademi og Bjørnsonpris

Leserinnlegg

Ei lita korrigering vedrørande Bjørnstjerne Bjørnson-Akademiet og Bjørnsonprisen:

Av oppslag i media går det feilaktig fram at akademiets viktigste oppgåve var å utdela Bjørnsonprisen. Det er ikkje rett.

Då vi grunnla Bjørnstjerne Bjørnson-Akademiet i 2003, var det som eit akademi (ikkje festival eller jury) som skulle drøfta viktige spørsmål i skjeringspunktet mellom litteratur og menneskeverd, å forsvara dei undertrykte i verda på bjørnsonsk vis. Det var viktig for oss å løfta fram individ, folkeslag og tema som det elles var lite tale om i norske media. Å gjera dei usynleggjorte synleg, å gje dei stemmeløyse ei stemme, var viktig for oss. I statuttane var det òg eit sentralt punkt om at vi også skulle engasjera oss i andre kulturområde enn våre eigne nordiske. Vi innvoterte difor akademimedlemer frå ei rekkje land, blant dei fleire utanom Norden.


Nå er det avgjort – denne byen får Bjørnsonprisen

Bjørnsonprisen kommer ikke «hjem» til Molde.


I dei tolv første åra då eg var leiar (president) for akademiet, låg hovudvekta på årlege seminar med kvalifiserte forelesarar, og bokutgjevingar i skriftserien Akademiets Småskrifter om dei tema som seminare hadde behandla.

I det første styret, og mange år framover, sat saman med meg Marit Bjørnson Barkbu, Jahn Otto Johansen, Eugene Schoulgin, Thorvald Steen, Jostein Sæbøe og Kari Vogt. Vi arrangerte seminar m.a. om sigøynarane, Europas mest forfulgde minoritet, om armenarane med særleg fokus på sitasjonen for armenarane i Tyrkia, om poesien som usynleggjort genre i det marknadsliberalistiske samfunnet, om antisemittismen historisk og i dag, om ytringsfridomens kår i Russland, om korleis nykapitalismen herja med det eldgamle kulturlandet Island, om sorteringssamfunnet og retten til å fødast og vera annleis, om Midtausten og den arabiske våren, om krig og utsletting av verdas kulturarv, om krig og journalistikk.

Bjørnsonprisen vart utdelt første gong i 2004, som eit resultat av generøs sponsorinnsats av Stig O. Jacobsen og Erik Berg. Blant mottakarane dei første åra var to representantar for den koptiske kyrkja i Egypt, sigøynaranes songdronning Esma Redzepova frå Makedonia, den armenske redaktrøren Hrant Dink, den syriske lyrikaren Adonis, den svenske forfattaren Ola Larsmo, filosofen Pomerants og lyrikaren Mirkina frå Russland, forfatarane Milan Richter frå Slovakia og Einar Már Gudmundsson frå Island, skodespelar/forfattar Marte Wexelsen Goksøyr og professor Ola Didrik Saugstad, biskop Thomas frå Egypt, offiser Zonsheine frå Israel og journaist Wojoud Hasan Ali Mejali frå Jemen, forfattaren Yasar Kemal frå Tyrkia og journalist Kristin Solberg.

Etter at eg og det "gamle" styret hadde overlate akademiet til eit nytt styre, vart det vedteke nye statuttar for akademi og pris som har eit anna innhald og siktemål enn dei verdiane og det innhaldet vi grunnla akademiet og prisen på.

Vi hadde grunnlagt eit fritt og uavhengig akademi med eit djervt siktemål i Bjørnsons internasjonalt engasjerte ånd, som også hadde ein Bjørnsonpris. Vi var ikkje del av nokon festival eller annan institusjon - men enkelte år var det naturleg å samarbeida i tid og stad med Bjørnsonfestivalen om arrangement og pristildeling.

Vi hadde eit ynskje om at Bjørnstjerne Bjørnson-Akademiet og Bjørnsonprisen skulle styrkja det bjørnsonske engasjementet i Molde og Romsdal, og vi såg aldri for oss ei overflytting frå Molde til Lillehammer, heller ikkje at nokon kunne skilja ut Bjørnsonprisen frå akademiet og gjera den til ein nordisk litteraturpris (ein av fleire). For så å leggja ned akademiet!

Det var eit raust initiativ av Erik Berg og Stig O. Jacobsen å stille midlar til disposisjon for å kunne henta prisen heim att til Molde og Romsdal – og gjenskapa det opphavlege siktemålet vi hadde ved grunnlegginga av akademiet. Dei to har gjort ein eineståande innsats for det bjørnsonske Molde med Bjørnsonhuset, med utsmykking i og ved hotell Seilet og med utrøytteleg innsats for arrangement i Bjørnsons ånd. Eg vart difor straks med på dette initiativet.

No er svaret nei takk både frå noverande akademistyret og frå styret i Bjørnsonfestialen, som akademistyret såg på som den einaste i Molde dei ville gje frå seg Bjørnsonprisen til.

Det får vi ta til etterretning, som det heiter. Eg tykkjer ikkje det var noko klok avgjerd.

Bjørnsonfestivalen, som eg òg leia grunnlegginga av, var dei ti første åra ein av dei mest kjende og fargerike litteraturfestivalane i Europa. Hit fekk vi nobelprisvinnarar, statsleiarar, mange av verdas fremste forfattarar, vitskapsmenn, journalistar og politikarar - og her vart nye tankar presenterte for første gong i Noreg. Hit kom media, alle dei store riksmedia, også internasjonale. No er det Lillehammer som har så godt som alt.

Eg har skrive til Lillehammer og bede dei, i det minste av moralske grunnar, om ikkje å kalla prisen for Bjørnsonprisen lenger ettersom dén prisen var grunnlagt med eit heilt anna innhald. I det minste ikkje visa til prisvinnarane frå den tid dette var ein internasjonal pris knytt til akademiets seminar og bokutgjevingar.

Dei gjer nok som dei vil. Men engasjementet gjev vi ikkje opp:

"om et håp eller to ble brutt, blinker et nytt i ditt øye". Så på eitt eller anna vis, i ei eller anna form, dukkar vi nok opp att!

Knut Ødegård


--------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts nye meningsportal