LESERINNLEGG

Til kommunestyre-representantane i Hustadvika kommune

Farstad omsorgssenter.  Foto: Camilla Farstad

Leserinnlegg

Hustad Pensjonistforening har hatt møte og drøfta den alvorlege situasjonen ein kan kome i då det har kome forslag frå Kommunedirektøren i Hustadvika kommune om å legge ned Farstad omsorgssenter.

Vi støttar fullt opp om det som er sagt i dei innlegga som har kome fram i media om dei negative følgjene av ei nedlegging, Det gjeld først og fremst dei som har heimen sin ved omsorgssenteret og dei som har arbeidsplassen sin der, men det gjeld også heile lokalsamfunnet her ute.

Vidare vi vil spesielt peike på det som er sagt om trivsel og god omsorg ved Farstad omsorgssenter. Omsorgssenteret er også viktig for dei eldre som bur i eldrebustadane nært omsorgsenteret og dei andre heimebuande eldre i området. Det er også viktig for familiane som har sine eldre buande på omsorgssenteret då dei veit at deira kjære har det godt og trygt. Det vil seie at omsorgssenteret har ein viktig funksjon for heile lokalsamfunnet.

Vi kan heller ikkje forstå at kommunen vil få økonomiske innsparingar ved å legge ned omsorgssenteret. Dei som har heimen sin der, må ha ein stad å bu og dei vil framleis ha behov for pleie og omsorg.

Pensjonistforeninga vil med dette kome med sterke oppmodingar til kommunestyrerepresentane om at dei må arbeide for at omsorgssenteret på Farstad skal bestå.

Hustad Pensjonisforening

--------------------------------------------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts nye meningsportal