Rausand saka kjem opp i Molde kommunestyre!

Leserinnlegg


Kommunedirektøren stadfesta i Hovudutval for Teknisk, plan, næring og miljø i Molde tysdag 11. februar at administrasjonen var i gang med å planlegg korleis dei skal legge fram saka for utvalet. Dei trengte stadfesta protokoll frå kommunestyret med meir før dei kunne sette i gang.

Som vedtatt i kommunestyret får vi normal saksgang til liks med andre saker i Molde kommune. Og først då kan vi begynne å realitetsbehandle om vi skal ha Nasjonalt anlegg for farleg avfall i Molde. Hittil har mykje dreid seg om vi skulle få behandle saka.

Ordføraren har gjort det som har stått i hans makt for å hindre at saka skulle komme opp til behandling i kommunestyret og under siste møte avviste han to forslag som var fremma til votering, men godtok eit og det fekk eit stort fleirtal med seg på at saka skal opp til behandling. Og rett skal vere rett; ordføraren kunne ha nekta at eg fekk tatt SV sitt forslag opp til votering. Det gjorde han ikkje, men stemte for.

I mitt spørsmål før jul og i min interpellasjon til ordføraren 6. februar har det vore sentralt korfor ikkje Molde kommune vil meine nokke om ei så viktig miljøsak. Sidan Kommunaldepartementet ber om høyringssvar kunne ein jo svare. Men nei.

Dette går fint å meine og gjere, men når ordføraren samstundes har dialog med departementet «under bordet» via nærast private meldingar med politisk leiing, verkar det merkeleg å nekte debatt i kommunestyret. Og alle ære til den som sjekka postloggen i kommunaldepartementet. Slike meldingar er ikkje uvanleg, men ein ordførar skal vere alle sin ordførar. Også opposisjonen sin!

Så har mange omtalt dette som ein omkamp og det er det ikkje. Eg meiner at Nesset kommune ikkje hadde legitim rett til å, i interimperioden med Molde og Midsund, regulere ferdig ei slik stor sak med så store konsekvensar for resten av kommunen dei skulle inn i. Det får vere måte på medgift!

Eg meiner at vi må ha full behandling i Molde kommune fordi nokke anna ville vere lureri og no blir dette retta opp.

Mykje av bråket som har vore er fordi fleire parti la fram ei sak til kommunestyret før jul, men så vart ein så redd for å tape at ein trakk ho. For så på nytt igjen fremme ho til møtet etter jul då ordføraren nekta å sette saka på dagordninga. Miljøet vil tape om vi kivast meir no om kommuneloven og kva som er lov og ikkje.

No må vi få fakta på bordet om miljøkonsekvensane eit slikt giftdeponi vil ha for vår kommune og få til ein god saksgang i kommunen. Og ikkje minst må vi høyre på kva nabokommunane, organisasjonslivet og næringslivet meiner.

Bjørn Jacobsen kommunestyrerepresentant SV


Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal