Legg ned Fylkeskommunen!

Eller dersom dette ikkje går, legg ned Møre og Romsdal Fylkeskommune, og la Sunnmøre få gå til Vestland og Nordmøre og resten til Trøndelag

Legg ned fylkeskommunen, skriv Frank Sve i dette leserinnlegget. .   Foto: Bjørn Brunvoll

Leserinnlegg

Møre og Romsdal fylkeskommune er ikkje liv laga som eigen region. FrP ynskjer å leggje ned dette tredje forvaltningsnivået som fylkeskommunen er, og overføre arbeidsoppgåvene til dei større kommunane.

No har vi fått større kommunar som Ålesund, Molde, Hustadvika, og på Nordmøre så må det skje eit kvart ikring Kristiansund.

Når vi har ein fylkesrådmann og eit SP her i Møre og Romsdal fylkeskommune, som presterar å verne sin eigen administrasjon, strø rundt seg med pengar til prosjekt og områder som vi slett ikkje behøver, så har fylket mista si rolle.

Når prioriteringane til både Fylkesrådmannen og det SP styrte politiske nivået, -skal radbrekke vidaregåande skule med å kutte 200 mill kr, har vi ikkje bruk for fylkeskommunen.

Når prioriteringane til både Fylkesrådmannen og det SP styrte politiske nivået, -skal radbrekke ferjedrifta, tannhelsetjeneste og leggje ned vidaregåande skular her i fylket, har vi ikkje bruk for fylkeskommunen.

Dersom vi legg ned Møre og Romsdal fylkeskommune, eller går til Vestland/Trøndelag, sparar vi her i fylket mellom 3-500 mill kr, som kan brukast på vidaregåande skule, opprettholde tannhelsetjeneste og ferjedrifta. Fylkestinget i Møre og Romsdal vert styrt av eit Senterparti som har grafse til seg stort sett alle leiarverv, der målet deira er verv, og samtidig sørge for at «miniparti» som Rødt og Venstre får posisjonar milevis utover det veljarane har bestemt gjennom valget.

Senterpartiet har aldri levert i posisjon, verken i Stortinget eller her i fylket.

8 år med SP bak rattet her i fylket, har kun oppnådd klaging og syting overfor Stortinget og regjeringa, som i dei siste 6 åra har overført tidenes høgaste rammeoverføringar til både fylka og kommunane, og sørga for historiske låge renteutgifter. Likevel klagar og syt SP, alle andre har feil utan om akkurat dei sjølve, som faktisk har ansvaret for situasjonen som Møre og Romsdal Fylkeskommune er i for tida.

Eg trur både Fylkesrådmannen og SP har gløymt av kvifor vi har ei fylkeskommune! Slik det no ser ut, ser det ut for at SP meinar innbyggjarane er til for fylkeskommunen, og det er fylkeskommunale byråkratar, Opera, museum osv, som er viktigast.

FrP er klokkeklar på at det er stikk motsett, Fylkeskommunen er til for å levere dei viktige tjenestene til innbyggjarane, slik som vidaregåande skule, tannhelsetjenester og ferjedrift.

Derfor er det heilt klart for oss at så lenge både Fylkesrådmannen og SP som styrer fylket, ikkje ynskjer å bry seg om dei viktigaste tjenestene til innbyggjarane, så må fylkeskommunen leggjast ned, eller at vi går ihop med Vestland eller Trøndelag.


Mvh

Frank Sve

Fylkesleiar og gruppeleiar i

Møre og Romsdal FrP