LESERINNLEGG:

Om å kutte i framtida vår

Fræna vgs.  Foto: Oddbjørn Harnes

Leserinnlegg

Då Møre og Romsdal fylkeskommune presenterte forslaga til kutt i samband med prosjektet «Omstilling 2020» for oss tilsette i utdanningssektoren, blei det forklart at metaforen med ostehøvelen og flate kutt fordelt likt på alle lokasjonane ikkje lenger kan brukast, då utdanningssektoren allereie driv særs effektivt.

Utvalet som har utarbeidd forslaget til «omstrukturering» har difor sett på linjetilboda rundt om på dei ulike skulane i fylket. Uansett utfall, blir resultatet det same; ungdommane blir taparane.

Ungdomsretten gjev ein person under 23 år rett på eit tilbod innan vidaregåande opplæring. Det ansvaret er lovpålagt, og fylkeskommunen må difor ha ein elevplass til alle i aldersgruppa. Når fylkeskommunen no foreslår å legge ned mange linjer ved dei ulike skulane, blir det naturleg nok færre linjer å søke på for elevane. Det igjen fører til auka konkurranse om plassane på dei linjene som er mest populære. Konsekvensen for mange elevar er at dei ikkje kjem inn på dei linjene dei ynskjer; at retten til fritt utdanningsval berre blir ein teoretisk papirrett. Dette gjeld særleg for dei elevane med låge inntakspoeng frå grunnskulen. For andre betyr det eit liv på hybel, langt heimefrå, i ein alder av 16 år.

Det som går igjen av dei kutta som er foreslått, er at det er yrkesfaglege linjer med høg stykkpris per elev som blir råka.

Møre og Romsdal blir ofte beskrive som eit industrifylke. Dersom tilgangen på godt utdanna fagfolk i ulike kantar av fylket blir svekka, mister næringane våre ein av konkurransefordelane dei har i kampen mot andre. Alle dei vidaregåande skulane i fylket blir råka dersom kutta som er lagt fram blir vedtekne slik dei står i dag.

For å gjere det heile meir konkret, kan me peike på vår eigen skule. På Fræna vidaregåande skole er heile ni klassar på tre ulike utdanningsprogram foreslått nedlagd; alle yrkesfaglege. I verste konsekvens betyr det at godt over 80 elevar ikkje blir å sjå i gangane på skulen neste haust.

For bedriftene i Hustadvika og kommunane rundt inneber det at det blir vanskelegare å rekruttere lærlingar og framtidig arbeidskraft, medan elevane kanskje må utdanne seg til noko anna eller flytte på hybel. Er dette ønskeleg?

Som fagpersonar innan utdanning, ser me at det det er elevane som anten er fagleg svake eller som slit med sosiale- eller psykiske vanskar som vil merke dette sterkast. Betydinga av å kunne ta den utdanninga ein vil, innanfor trygge rammer på nærskulen medan ein bur heime, kan ikkje understrekast nok.

Den 6. november uttalte utdanningssjef Erik Brekken i Romsdals Budstikke at «både elever og foreldre kan være trygg på at vi fortsatt skal ha knakende gode skoler». No ventar vi i spenning på vedtaket i fylkestinget den 12. desember, og på om våre folkevalde vil gje oss dei rammene som trengst for at me skal greie å halde skulane våre «knakande gode». Det fortener ungdommen vår.

På vegne av Fræna vgs

Vegard Farstadvoll (tillitsvald Norsk Lektorlag)

Lillian Harstad (tillitsvald Utdanningsforbundet)

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal