LESERINNLEGG:

Kuttforslag med ringverknadar

Leserinnlegg

Om fylkespolitikarane vedtek framlegget om kutt i tilboda i vidaregåande skule får dette ringverknadar for kompetanseutvikling og rekruttering i Møre og Romsdal.

I gjeldande fylkesplan for Møre og Romsdal (2017-2020) er kultur løfta fram som drivkraft for regional utvikling. ‘Regionar, både i Noreg og Europa, som har lukkast med å fornye og vitalisere samfunn og næringsliv, har knytt kulturutvikling saman med breie strategiar for kompetansebygging, verdiskaping og regional utvikling.’ Om ein skal sikre og vidareutvikle kultur- og yrkesfagkompetanse i fylket må vi sjå heilskapen i rekrutteringsgrunnlaget i eigen region.

Samanhengen mellom utdanningstilbod, lokalisering og rekruttering er tydeleggjort i undersøkingar ved Senter for profesjonsstudiar som syner at høgskular i stor grad leverer kvalifisert arbeidskraft til regionalt arbeidsliv. Fagmiljøa i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal er heilt avgjerande samarbeidsaktørar i lærarutdanninga Praktisk pedagogisk utdanning (PPU) ved Høgskulen i Volda.

Studieåret 2019-20 har vi 151 kandidatar ved PPU-studiet i Volda fordelt mellom yrkesfag og allmennfag. Av desse har 47 kandidatar opptaksgrunnlag i praktisk-estetiske fag og 56 i yrkesfaga.

Om politikarar i Møre og Romsdal vel å gjennomføre fylkesrådmannens føreslegne kutt i utdanningstilbod i vidaregåande skule, får dette også direkte konsekvensar i redusert opptak av PPU-studentar i praktisk-estetiske fag og yrkesfag ved Høgskulen i Volda: Avgjerande grunnlag for praksisopplæring i fagområda vert redusert, og situasjonen for kandidatar med bakgrunn i praktisk-estetiske fag er spesielt alvorleg.

Stortingsmeldinga Kulturens kraft – kulturpolitikk for framtida (2018-19) signaliserer større ansvar for kulturoppgåver til fylkeskommunane. Ein ønskjer politisk engasjement for kultur på alle forvaltningsnivå. I utdanningssektoren og nasjonal strategi for lærarutdanningar er samarbeidet om desentraliserte og regionale ordningar for kompetanseutvikling satsingar for å styrke barn- og unge sine moglegheiter til livsmeistring gjennom skaparglede, engasjement og utforsking. Å skjere ned på rekruttering som bidreg til utvikling og vitalisering av enkeltmenneske, samfunn og næringsliv vert som å skru til krana for kraft i eigen region.

Bjørnar Sæterås og Kari Aslaug Hasle
For fagmiljøet i Praktisk pedagogisk utdanning, Høgskulen i Volda

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal