Leserinnlegg:

Arbeiderpartiet sitt alternativ

Tresfjord skule: – Verst ser det ut til å gå ut over skulesektoren, med m.a. forslag til nedlegging av Fiksdal og Tresfjord skule, men også andre delar av den kommunale tenesteproduksjonen får knappe økonomiske rammer, skriver Stig Holmstrøm.  Foto: Olav Skjegstad

Leserinnlegg

I desember skal kommunestyret i Vestnes vedta årsbudsjettet for 2020 og økonomiplan for åra 2020-2023. I avisene har vi lese om kuttforslag frå administrasjonen for å få budsjetta i balanse. Verst ser det ut til å gå ut over skulesektoren, med m.a. forslag til nedlegging av Fiksdal og Tresfjord skule, men også andre delar av den kommunale tenesteproduksjonen får knappe økonomiske rammer.

Det meste av føresetnadene for kommuneøkonomien finn ein i det framlagte forslaget til statsbudsjett frå regjeringa Solberg.

Regjeringa har i statsbudsjettet for 2020 presentert eit svært dårleg økonomisk opplegg for dei frie inntektene i kommunesektoren med en realvekst på berre 0,3 prosent. Det er den lavaste veksten noka regjering har presentert dei siste 15 åra. Regjeringa sitt opplegg svarar ikkje på dei utfordringane kommunane står ovafor.

Arbeiderpartiet har større ambisjonar for velferden til vanlege folk, og i sitt alternative forslag til statsbudsjett prioriterer AP det økonomiske handlingsrommet for kommunane, og legg til rette for at kommunane skal kunne gi betre tenester til sine innbyggjarar.

Med sitt forslag til statsbudsjett sende regjeringa ei ekstrarekning til kommunene fordi de kutter 350 millionar i ordninga med ressurskrevjande tenester. Dette kuttet vil kunne bety at Vestnes kommune må kutte i omfang eller kvalitet på tenestene til dei som er avhengige av tenestene, eller at det må kuttast i andre delar av budsjettet for å halde tilbodet på naudsynt nivå. I Arbeiderpartiet sitt alternative statsbudsjett er denne reduksjonen på 350 millionar fjerna!

I det alternative statsbudsjettet til AP vert dei frie inntektene til kommunane auka med 2,5 mrd. kroner. For Vestnes kommune vil dette utgjere i overkant av 3 millionar, og ville betydd at vi kunne styrka budsjettramma for så vel skule- og barnehagesektor, som helse- og omsorgssektor.

Stig Holmstrøm

Medlem Vestnes AP

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal