Sp, Ap, SV og Høgre raserar vidaregåande skule!

Frank Sve, fylkesleder i Møre og Romsdal Frp.  Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Leserinnlegg

«Med sine meiningslause kutt i vidaregåande skule, syner dei at ein gedigen administrasjon, Opera og andre ting som slett ikkje er nødvendig, er viktigare enn ungdommen her i fylket»

I hovudutvalgsmøta for Samferdsel, Utdanning , Kultur og Næring vart vi alle vitner til at SP, AP, SV og spesielt Høgre møtte aldeles uforberedt, men klart og tydeleg støtta dei omfattande kutta innan vidaregåande skule her i fylket.

Verst var faktisk Høgre, som stemte for fylkesrådmannen sine kutt blindt, og støtta såleis ein gedigen overadministrert fylkeskommune som har både 2 og 3 gongar så mykje administrasjon som til dømes i Nordland fylke.

Men med tanke på kven som i realiteten styrer Høgre, så er det nok ikkje rart at dei vernar kvar ein einaste byråkrat på fylkeshuset på Molde.

FrP la fram vårt alternative budsjett, der vi i hovudsak verna Vidaregåande skule samt hindra kutt i ferjedrifta.

Dette er overhode ikkje vanskeleg å gjere, men då må ein faktisk prioritere dei lovpålagte tjenestene her i fylket, og» ikkje strø rund seg med pengar» til tiltak som slett ikkje bør brioriterast.

Det er faktisk mulig å bruke haudet no, prioritere ungdommen og vidaregåande skule spesielt, framfor å synleggjer så brutalt at dei ulike politiske partia faktisk ikkje har «kløyvd boka» eller sakspapira til møta i hovudutvalga.

Rett og slett ei skandale var dette, og i mine 4 periodar i fylkestinget har eg aldri opplevd makan, der fagutvalget rett og slett abdiserte, unnlot å behandle utfordringane og berre skubba denne saka vidare til fylkesrådmannen og fylkesutvalget.

FrP har jobba svært mykje med saka gjeldande Omstilling 2020, og meiner at vi har behandla arbeidet Fylkesrådmannen har levert med respekt.

Overhode ikkje enig i mykje av det som er levert derifrå, men å behandle månedsvis med arbeid derifrå slik fleirtalet gjennomførte i hovudutvalgsmøta, er rett og slett pinleg !

FrP har levert vårt alternativ, der vi er truverdige i det vi gjekk til valg på, og prioriterar vidaregåande skule og ferjedrift, men vi prioriterar ikkje områder på områder som er kjekt å ha, og ein alt for stor administrasjon.

Frank Sve

Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal