Leserbrev:

Sats på distrikta - stopp kutta

Leserinnlegg

Møre og Romsdal står no i ei rekkje krevjande utfordringar. Høgreregjeringa har starta ei sveltefôring av kommunar og fylke. Prisen må betalast av skuleelevar og alle som er avhengig av ferje. Nødvendige investeringar må utsetjast. Samtidig må helseføretaket kutte, og ei rekkje statlege tenester og arbeidsplassar står i fare på grunn av sentralisering.

Arbeidarpartiet vil prioritere annleis. Vi legg no fram vårt budsjettalternativ for 2020, der vi legg inn fleire milliardar ekstra til kommunar, fylke og helseføretak. Summen av kutt og nedskjeringar i offentlege tilbod som fylket vårt opplever, kan nemleg ikkje halde fram. Skal det bu folk i heile landet, må vi ha gode tenester nært der folk bur. Det handlar om rettferd, og fridom for alle til å bu der vi ønskjer, har røtene våre og ser potensiale for å leve gode liv.

Vi møringar har i årevis stått på barrikadane og kjempa mot nedlegging og sentralisering. I periodar har det knapt gått ei veke mellom kvar gong vi opnar lokalavisene og finn noko nytt som skal kuttast. Ei hovudårsak er høgresidas ideologiske overtru på at berre dei rikaste får meir, så skal resten ordne seg. Sjølv om ein del av pakken er kutt for dei som har minst, og kutt i distrikta. Slik fungerer ikkje den verkelege verda. Kuttar du i distrikta, svekker du distrikta, så enkelt er det.

Det desentraliserte Noreg er ei suksesshistorie. Velstanden og velferda vår er summen av det vi skaper i heile landet. Eit land med arbeid og busetjing i store og små lokalsamfunn, er fundamentet for sterkt fellesskap og felles identitet. Framtidstru lokalt, gjer Noreg betre nasjonalt. Derfor er Arbeidarpartiet både byane og distrikta sitt parti. I generasjonar har vi vist at Noreg lukkast best når vi står saman - by og land.

Fredric H. Bjørdal

Stortingsrepresentant (AP)

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal