Leserinnlegg

For elevanes beste

Leserinnlegg

Håplausheita breia seg over klassen. Vi var komne til sidemålstentamen. Dei fleste i klassen hadde ikkje starta med nynorskopplæringa før i ungdomsskulen. Det er ikkje rart dei satt igjen med ei kjensle av håplausheit i møte med noko alle elevar i Norge skal gjennom. Når ein startar med nynorskopplæring seint, stiller ein betydeleg dårlegare enn dei som har hatt det frå barneskulen.

Om språk: Ole August Iversen frå Aukra. 

På stortinget har det lenge vore eit mål, med veldig brei politisk forankring, at alle i Norge skal kunne både nynorsk og bokmål. Diverre blir opplæringa praktisert på ulike måtar med varierande resultat. Fordi barn blir eksponert langt meir til bokmål i oppveksten, har dei andre føresetnadar for å lære seg bokmål. Då treng ein langt mindre pedagogisk rettleiing på skulen for å lære det. Då er det langt meir verdifullt at ein får hjelp av lærarane på skulen til å lære nynorsk.

Jamt over gjer elevar som har hatt nynorsk frå barneskulen det betre i norsk sidemål, samstundes som dei er minst like gode i hovudmålet som bokmålselevar. Det skjer nettopp fordi dei har fått god opplæring i nynorsk samstundes som dei har fått inn mykje bokmål rundt seg i oppvektsen. I tillegg gjer det betre føresetnadar for å lære andre ting om ein har gode og breie språkkunnskapar.

Sjølv vaks eg opp med nynorsk frå 1.klasse i Aukra. Det gjorde at eg fekk svært gode resultat i både hovudmål og sidemål, både på ungdomsskulen og på vidaregåande. Og eg merka tydeleg kor mykje dei i klassen min på vidaregåande sleit – fordi dei hadde hatt bokmål som hovudmål frå barneskulen. No er det tid for folkeavstemming i Julsundet skulekrins om kva som skal vere første opplæringsspråket, og då håpar eg at du stemmer nynorsk for elevanes beste!

Ole August Iversen, Aukraværing

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal