LESERINNLEGG

Kan vi nok eingong stole på Molde Høgre?

  Foto: Bjørn Brunvoll

Leserinnlegg

Molde Arbeiderparti svikta totalt sist nokken ville selje Istad A/S. Molde Høgre var å stole på då kommunestyret sist avviste salet i hemmeleg møte.

Valet er over og tida er inn for å sette i verk langsiktige strategiar. Då trønderane kjøpte opp Romsdal Fellesbank tidleg på 2000 talet blei det pengar til overs og lysten på å investere i kraftbransjen var så stor at Moldekraft blei danna.

Tragedien slo inn i Istad etter at investeringane til Istad i Trondheim slo feil og konkursen der medførte tap på over 200 millionar kroner. Med desse pengane kunne vi ha kjøpt Moldekraft og meir til. Hadde vi holdt oss lokalt og til det vi kan, og ikkje leika investor i Trøndelag.

Kraftbransjen er langsiktig investering så korfor krefter i Moldekraft vil ha tak i pengane sine no veit ikkje eg, men å framstille dette som noko sunnmøringane eller KLP finn på trur eg lite på. Dei veit at det er kommunestyret i Molde som bestemmer dette.

Og heldigvis har vi sjølråderetten vår godt i behold. Molde kommunestyre kan på vegne av alle innbyggarane i Istad kommunane bruke forkjøpsretten på Moldekraft sine Istad aksjer.

I ei tid der alt skal sentraliserast og med MRF/Fjord1 friskt i minne trur eg Molde kommunestyre må bu seg på å kjøpe opp aksjane Moldekraft har i Istad A/S. Dette vil vere i god tradisjon då om lag 80 prosent av krafta i Norge eies av folket.

Og skal det sentraliserast kom med argument og tall som viser at det er bra for eigarane; innbyggjarane i Istad kommunane, og dei tilsette.

Om då ikkje aksjonærane i Moldekraft skulle tenke meir langsiktig og lokalt, og med det avvise tilbodet om oppkjøp. Ein må jo ikkje selge sjøl om nokken byr.

Molde kommune treng pengane avkastinga i Istad gjer oss kvart år. Vi brukar dei på skole, eldreomsorg, barnehage og kultur. Kanskje må vi no bla opp for å sikre lokalt eigarskap og dermed sikker inntekt til kommunekassen i generasjonar framover?

Det står no på Molde Høgre og aksjonærane i Moldekraft om Istad A/S framover skal vere energiflaggskipet på Romsdalshalvøya.

Bjørn Jacobsen
Kommunestyrerepresentant SV

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal