LESERINNLEGG

Utgreiing av Romsdalsaksen, kjem sjølvsagt!

Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP.   Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Leserinnlegg

« Etter å ha lest kva både Torgeir Dahl og Frits Inge Godø uttalar, blir eg enda sikrare på at Romsdalsaksen eller fortsatt ferjer blir det beste»


LESERINNLEGG:

Det er absolutt ingen grunn til å utrede Romsdalsaksen. Sammenlignet med Møreaksen vil Romsdalsaksen tape på alle måter.

Det er absolutt ingen grunn til å utrede Romsdalsaksen. Sammenlignet med Møreaksen vil Romsdalsaksen tape på alle måter. Både kostnader, nytte, miljø og sikkerhet vil bli mye dårligere enn for den vedtatte trasèen for fjordkryssingen.


Trenger egentlig ikkje bry meg så mykje med desse to her, for å forsøke å omvende desse «Møreaksen fanatikarane» er nok greinalaust vekkasta arbeid.

Det vert hevda at Møreaksen skal koste 13 milliard kr?

Kva tull er dette?

Kven trur dokke at dokke skal lure?

-Kva kostar Ørskogfjellet til Vik?

STVV anar ikkje, med bakgrunn i at dette ikkje er prosjektert, men antyder mange, mange milliard kr

- Kva kostar ny firefelts veg frå Julsundet inn til Molde, og ny lang firefelts tunell bak og forbi Molde?

Maaaange, mange milliard kr, kanskje fleire titals, STVV anar ikkje dette, då desse prosjekta ikkje er prosjektert.

I tillegg må der ny vegløysing helst i tunell, istaden for planane om ny firefeltsveg på austsida av Molde.

Dette til også enorme beløp.

ALT dette i TILLEGG til sjølve fjordkryssinga til mellom 13- 25 million kr, som garantert vert nærare 25 enn 13, når anbodsgrunnlaga for dette eventuelt ein gong i framtida skulle bli ein realitet.

«Berre forsøk å motbevis dette, dokke har ikkje truverdigheit på noko slikt, for dokke veit at eg har rett»

- Kva kostar Møreaksen sa du ?

For å kunne setje trafikk på Møreaksen, så er eg rimeleg sikker på at dette vil dreie seg om ein plass mellom 30-50 milliard kr.

Då er ein kostnad på anslagsvis 15-20 milliard kr på Romsdalsaksen, svært interresant.

Finansministeren syntes dette var svært interresant då ho fekk orientering om dette no før valget, og ho var klokkeklar på at «alle relevante» alternativ til kryssing av Romsdalsfjorden må vurderast.

Romsdalsaksen må sjølvsagt utgreiast, det same gjeld sjølvsagt også eit kraftig forbetra ferjetilbud.

Så til Veøya.

Ja, sist vi hadde sak ang Veøya, så viste dette at det kun er ein liten del i nord av øya som er verna.

Planane som eg har sett ang Romsdalsaksen, så ligger veisystemet på «utsida» av øya i sør, og vil overhode ikkje kome i konflikt med noko som helst.

I dagens fylkesting bør det vere eit greit fleirtal for å bestille ei sak med fylkesrådmannen med krav om utgreiing av Romsdalsaksen.

Eg har bede om at dette vert sett på dagsorden til fylkestinget den 14-16/10, der vi kjem til å fremme eit framlegg om at fylkestinget bestiller ei sak med fylkesrådmannen.

Ei slik sak skal normalt starte i samferdselsutvalget, til fylkesutval og til fylkestinget, og saka vi måtte bli svært enkel, -ja eller nei til å bestille ei utgreiing av Romsdalsaksen, der regjeringa gjennomfører dette i samband med forarbeidet til neste NTP, og tar kostnaden med dette.

Det blir sjølvsagt eit krav at vår prioritet  i den gamle NTP står ved lag, og dette burde vere enkelt å innfri, då Møreaksen kun er nevnt i siste del av NTP i perioden utan handlingsplan frå 2024-2029, og er svært langt ifrå finansiert.

Mvh

Frank Sve

Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal