LESERINNLEGG

Elnesvågen – siste krone brukt?

Leserinnlegg

Sist fredag stod det å lese på baksida av RB: ”Min siste krone er brukt i Elnesvågen”. Ja, slik kan det gå medan Hustadvika kommune skal byggast og  utviklast med Elnesvågen som samlande sentrum. – Kva er det vi har sett så urovekkjande mykje av  siste året? Jau, ein stigande misnøye og frustrasjon over vedtaket i skulesaka, med redusert utbygging og nedlegging av 5. - 7. klasse ved Sylte-Malme og Tornes. SV og SP har heile vegen meint at dette var eit ulykkeleg vedtak, grunna på ei feilvurdering. Og som det sidan har gått prestisje i å halde oppe. Argumenta for å oppretthalde  desse skulane er solide og velkjende. Kort opplista i stikkordsform: godt elevgrunnlag, betre miljø-, transport- og trafikkløysingar, bustad- og næringsutbygging, fellesaktivitetar, språk og trivsel – og viktigast: omsynet til ungane sjølve. Gode og trygge oppvekstvilkår som gjer at dei som ungdomar seinare får lyst til å kome tilbake  til heimkommunen.

Laurdag samla store og små seg på torget i Elnesvågen til valkamp, til burgar og bakels, til ordskifte om tettstad- og kulturutvikling og bygging av eit fleirbrukshus for heile Hustadvika. – Men kva klima har delar av administrasjonen og det knappe fleirtalet av parti og politikarar skapt? Mange opplever no at bygdene blir sett opp mot kvarandre. Og det skaper antiholdningar og gir seg dessverre  bisarre og forkastelege utslag – og kanskje tilbakeslag for ønskjeleg og nødvendig forretningsdrift og sentrumsutvikling med eit allaktivitetshus mange har sett for seg heilt sidan 1980-talet.

SV har heile tida vore tydeleg på dette: vedlikehald og fornying av dei mellomstore baneskulane og sentrumsutvikling. Hustadvika kommune treng sårt tilliten, interessa og godviljen frå bygdene for å lykkast.

Laila Nøsen og Øyvind Fenne, Hustadvika SV

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal